Dei to vart frakta i kvar sin gravferdsbil og eskortert av ein uniformert politibil ut til SAS Cargos terminal, der kistene vart plassert i spesialkasser og løfta over i eit fly med kurs for Amsterdam.

16 av dei døde frå «Rocknes» er til nå funne. For to av desse gjenstår framleis identifiseringa.

To av dei omkomne er ennå ikkje funne. Leitinga etter dei held fram inne i MS «Rocknes» når båten er snudd. Planane for snuoperasjonen er snart klare, og arbeidet er venta å ta til om ein månads tid.

PÅ VEG HEIM: Innpakka i blått klede vart kistene med dei to omkomne sjøfolka trilla inn på fraktterminalen på Flesland. Ole Solstrand (t.v.) og Willy Soltvedt (t.h.) overlet den vidare transporten til Odd Fjelltveit og Terje Sundberg hos SAS Cargo. FOTO: BJØRN ERIK LARSEN