Mika AS vann tilbodskonkurransen om Tuftåstunnelen ved Steinklapp og 6,5 kilometer veg i dagen opp mot Borlaug-krysset, der du kan velja mellom Fillefjell og Hemsedal austover.

Mesta leverte eit hårfint dyrare tilbod, og Veidekke kom på tredjeplass, men det skal kontrollreknast før vinnaren vert utropt.

Bruer over elva ved Steinklepp og Eraker er alt i arbeid. Dei skal binda saman noverande veg med den framtidige snarvegen gjennom Tuftåsen. Her er det snakk om både innkorta veglengd og kraftig standardheving.