I sitt avslag på asyl for familien Bercin, legg Utlendingsnemnda særleg vekt på:

n Foreldra har gitt motstridande opplysningar til norske styresmakter, blant anna om politisk aktivitet, talet på arrestasjonar og reisa frå Tyrkia.

n Avslaget reiser ikkje tvil om at faren er blitt torturert av tyrkisk politi, men nemnda meiner at ingenting talar for at han framleis er i søkjelyset til tyrkiske styresmakter for PKK-verksemd.

n Nemnda legg også til grunn at forholda i Tyrkia, også i Sirnak-provinsen, er dramatisk forbetra sidan 1999. Uansett kan familien ta opphald i ein annan del av Tyrkia, står det i avslaget.

— Spenningsfelt

Sirnak ligg på grensa mellom Nord-Irak og Søraust-Tyrkia, og er eit av dei områda som har vore tyngst berørt av den blodige og langvarige konflikten mellom tyrkiske militære og PKK.

— Dette er eit politisk og militært spenningsfelt. Slik har det vore dei siste 15-20 åra, og slik er det framleis, hevdar Acman.

Derfor meiner han at Utlendingsnemnda tek feil når dei hevdar at det er blitt mykje rolegare i området.

— I praksis har ikkje Tyrkia forandra seg, verken politisk eller når det gjeld mentalitet. Endringane er berre kosmetiske, påstår Acman.

Han er overbevist om at 18-åringen Rêzan Bergin kjem til å bli sendt rett i militærteneste i Tyrkia.

— Der har han ingen sjanse til å overleve. Det gjeld alle kurdarar frå familiar med medlemmer eller sympatisørar av frigjeringsrørsla PKK, hevdar Acman.

Vurderer sak mot staten

Familiens advokat, Frode Træland, arbeider for å få omgjort vedtaket i Utlendingsnemnda.

— Dersom ikkje, kjem vi til å saksøke staten, seier Træland til BT.

Han meiner at det er lagt fram omfattande og solid dokumentasjon på at det framleis er farleg for den kurdiske familien å dra tilbake. Etter hans oppfatning er det også sterke menneskelege grunnar for at familien må få bli i Norge.

— Heile familien er psykisk nedbroten. Det er utopisk å tru at dei kan få tilstrekkeleg legehjelp i Tyrkia, seier han.

— Dessutan har Rêzan budd mesteparten av livet på asylmottak. Dreg han tilbake, må han truleg rett i militæret, der kurdiske soldatar er spesielt utsette. At familien ikkje får opphald, kan ikkje leggast han som barn til last.

- Bør utsetje utsending

NOAS (Norsk organisasjon for asylsøkere) kommenterer Bercin-saka slik:

— Når det gjeld risikoen for krig, kan familien naturlegvis reise til ein annan del av Tyrkia. Derimot kjem dei ikkje til å ha noko nettverk der, og vil kunne få store vanskar med å klare seg, seier rådgjevar Rune Berglund Steen.

— Vi meiner derfor at norske styresmakter i det minste bør utsetje utsendinga fram til situasjonen i området familien kjem frå, er avklart. Derimot er det grunn til bekymring for sønnens situasjon i militæret - heilt uavhengig av ein eventuell krig.