– På skiltet skal det stå: Gratis så lenge FrP sit i regjering, sa statsministerkandidaten til stor applaus frå dei eit par hundre frammøtte på Festplassen i Bergen.

Ho kom til sine eigne, og vart motteken som ei dronning, med blomar frå små FrP-born etter talen frå den mobile scenen.

Fekk gåver

Gamle kjenningar kom med helsingar og gåver til Siv Jensen. Natteravn Kristin Bergan gav partileiaren ei bok og spurde henne om ho brukar gensaren ho har strikka til henne. Knut Miland frå Fjell var ein annan av beundrarane som fekk handhelsa og overlevert ein CD med bilete frå Siv Jensen sitt valkampbesøk på Sotra for to år sidan.

Sirkus Jensen

Som ein omreisande sirkustrupp dreg FrP landet rundt med store bilar i valkampen. Til Bergen kom dei frå Haugesund. Ein stor lastebil fraktar FrP-scenen med storskjerm på taket frå by til by. Ein lang leddbuss er pryda med slagord og bilete av Siv Jensen og Per Sandberg. ”Morna Jens. Heia Jensen.” står det bak på bussen. Eit fast husorkester er med på turneen og på Festplassen var det Tore Bendiksen, son til Arne Bendiksen, som var konferansier.

Private aktørar

Hjartesakene til partiet vart omtalte etter tur, først av Torkil Åmland, femtemann på Frp-lista i Hordaland, av dei sitjande stortingsrepresentantane Karin Woldseth og Arne Sortevik og så av Siv Jensen.

Ho snakka mellom anna om barnehagekøane, i følgje henne dei einaste køane som ikkje aukar. Ho meiner det skuldast at på dette området har dei raud-grøne akseptert sidestilling av privat og offentleg drift.

–Eg kan lova at i løpet av Frp sine første hundre dagar i regjering, skal alle landets helseføretak bli instruerte til sidestilling av private aktørar. På den måten skal vi redusera køane av folk som treng hjelp innan helse— eldre- og russektoren, sa Siv Jensen.