Ein to og ein halv times drosjetur på 84 km og ei ferjestrekning blei ein dobbel så lang transport gjennom tre ferjesamband. Først etter seks timar i drosjebilen var den svake kvinna heime på Bremnes, fordi legen sa at den same drosjen først skulle innom Kvinnherad med ein ung pasient.

— Det var ikkje slik vi og drosjesjåføren hadde lagt opp turen. Dette har vore noko overstyrt av Haukeland, og det verkar feil på meg, seier Pål Eidsheim, leiar for Kjørekontoret i Bergen. Kontoret er trygdeetaten sin samkøyringsavdeling for pasienttransport i drosje i Hordaland.

Sist fredag: Den 83-årige Bømlo-kvinna skulle heim etter eit opphald på Haukeland, og fekk rekvirert drosje frå Bømlo med mannen som følgje.

Rutinemessig kontakta drosjesjåføren Kjørekontoret på veg mot Bergen. Det blei avtalt at drosjen også skulle ta med seg ein Husnes-gut frå sjukehuset, han skulle setjast av på Stord og overførast til ein annan drosje der.

Ved sjukehuset fekk drosjesjåføren kjeft av den unge guten sin lege då transporten blei formidla. Sjåføren presenterte ein eigen drosje som alternativ for Kvinnherad-guten. Då skal legen ha truga med å rapportera sjåføren til fylkets samferdslemyndigheit om han ikkje tok begge pasientane med og først køyrte om Fusa til Kvinnherad.

— Eg er skaka over at ikkje legen lytta til sjåføren sitt råd om eigen drosje for Kvinnherad-pasienten, seier Pål Eidsheim.

I 17-tida kom drosjen av garde og køyrte via Os og ferjesambandet Hatvik - Venjaneset, om Eikelandsosen, Sævareid, Nordtveitgrend, Ølve, ferjesambandet Gjermundshamn - Løfallstrand, og forbi Rosendal til Husnes. Vegen blei ekstra lang fordi riksveg 48 for tida er stengt mellom Mundheim og Gjermundshamn grunna vegarbeid.

For å koma til Bømlo måtte drosjen venta ein time på Sunde for neste ferjetur til Leirvik. Først i 23-tida var pasienten heime på Bremnes.

— Det går ikkje an å behandla pasientar på denne måten. Det var frustrerande for drosjesjåføren óg, han gjorde sitt beste. Dette er ein hårreisande bruk av midlar og folk, meiner svigersonen til den 83 år gamle Bømlo-kvinna.