— Å ta livet av sitt eige avkom er genetisk gale. Det er det aller verste ein kan gjere, og inneber å bryte den største sperre, seier psykolog og førsteamanuensis Torill Christine Lindstrøm til BT.

— Når folk føler at livet går i stykker, blir det å drepe sine næraste ei form for sjølvdestruksjon: «Eg drep alt som er meg, og øydeleggjer alt rundt meg»

Lindstrøm ser ein klar parallell til den klassiske greske myten om Medea, ho som drap sine to barn då mannen gjekk frå henne.

— Når parforholdet er slutt, skal det også gjelde frukta av forholdet, altså barna. Slik er logikken i Medea-psykologien.

Tre fjerdedel av alle drap i Norge er samlivsdrap, og over halvparten er kvinner som blir drepne av partneren sin.

— Tradisjonelt har mange av drapa i Norge vore familiedrap. Familiedrap skjer til alle tider og alle stader, seier rettspsykiater Randi Rosenquist til NTB.

Men langt sjeldnare er barn ofre i slike saker.

— Når det først skjer, kan det vere alvorleg sinnslidande personar som har fått det for seg at dei skal spare barn og familie for ei tragedie, seier professor i psykiatri, Atle Roness, til BT.

— Dei kan ha utvikla vrangførestellingar om at dei må gjere noko for å forhindre ei endå større ulykke. I nokre tilfelle hallusinerer dei eller høyrer stemmer, og føler at dei får beskjed om å utføre desse handlingane.

Eit anna typisk trekk ved gjerningsmenn kan vere alvorlege personlegdomsforstyrringar, at dei er anti-sosiale, manglar bremsar, skyldfølelse eller hemningar.

I kombinasjon med samlivsbrot, sjalusi og alkohol kan dette bli fatalt, og familien blir ein farleg stad å opphalde seg.

— I familien er det sterke følelsar på godt og vondt. Det er kort mellom kjærleik og hat, og til å bli sint og aggresiv overfor den ein har eit kjærleiksforhold til, forklarar Roness.

— Særleg kjensla av å bli forlatt kan utløyse primitive reaksjonar. Då er gjerningsmannen ofte ein umoden, avhengig person, som ikkje taklar å bli sviken.