ARNE HOFSETH

— Vi legg ut store beløp til transport av tonnevis med støv til deponering som spesialavfall på Langodden ved Fredrikstad. Frå august neste år treng vi berre å køyra det rundt fjorden til Eitrheimsneset, seier administrerande direktør Harald Grande ved Tinfos Titan & Iron (TTI) i Tyssedal til BT.

På Eitrheimsneset investerer kollega Stein A. Ytterdal i nytt produksjonsutstyr på «Zinken», no Boliden Odda AS, for å vinna ut sinken av TTI sitt problemstøv.

Beskjedne 2,2 millionar kroner er alt som trengst for å få til denne trippel-vinn-situasjonen; betre arbeidsmiljø på TTI, inntekter for Boliden og mindre eksos langs vegen.