Det har blitt kalt Angelina Jolie-effekten – ein ikkje heilt uvanleg effekt i Hollywood. Ho kapra Brad Pitt frå den dåverande kona Jennifer Aniston i 2005 – og no har fangsten fått vitskapelege konsekvensar.

Ein fersk studie frå Oklahoma State University tyder på at Jolie ikkje er unik – men tvert om representativ: Single kvinner er langt meir interessert i menn som alt har dame, enn menn som er ledige på marknaden.

Ni av ti tar opp jakta

Konklusjonen er basert på eit eksperiment der kvinner og menn fekk lagt fram ein tenkt partnar, skreddarsydd etter kvar enkelt deltakar sine preferansar. Alle deltakarane i eksperimentet fekk sjå bilete av «den rette», det same biletet. Halvparten vart fortalt at «den rette» var singel – den andre halvparten at personen alt var i eit forhold. Seks av ti single kvinner gav uttrykk for at dei var interessert.

Blant dei som fekk høyre at fyren strengt tatt ikkje var ledig på markaden var 90 prosent straks klare for å ta opp jakta.

Menn vil ha alle

For menn derimot, kan det vere det same – dei tar opp jakta uansett, singel eller ikkje singel.

Studien er publisert i Journal of Experimental Social Psychology.

Er gifte menn meir attraktive enn single menn? Sei di meining i feltet under!