Margreta hadde korkje fjong tittel eller stor rikdom. Men ho budde i eit langt liv midt på Vangen, og vart etter kvart eit kjent innslag i gatebiletet. Med andre ord ein slags lokal kjendis likevel.

Stor entusiasme

Bjørg Gjersvik, mangeårig medarbeidar på Voss sorenskrivarkontor, er blant dei som hugsa Margrete. Ho har teke initiativet til å få reist monumentet. Pus Gravning stilte seg i brodden for komiteen som har skaffa pengar og kunstnar. Dei to stod også for avdukinga.

Mæland-skulptur

Os-skulptøren Arne Mæland har laga verket etter eit fotografi teke av Valborg Nybø, kona til faktor og medeigar i lokalavisa Hordaland.

Margreta budde i Simonshuset like aust for Vangskyrkja og Vekselbanken. Huset vart rive seint på 1960-talet, saman med fleire hus i same klyngje. Seinare vedtok kommunestyret å kalla plassen der husklyngja stod, for Torget, og lokaliserte torghandelen på Vangen hit.

Skulle heitt Simonsplassen

— To tullete vedtak, kommenterer Bjørg Gjersvik. Huset var fint og Simonsplassen var eit innarbeidd namn.

Ho har ikkje heilt sansen for at eit torg ikkje kan kallast anna enn Torget.

Andre som fortener eiga statue?

AVDUKING: Skulpturen av Simons-Margreta vart avduka av Pus Gravning (med duk og raud sløyfe) og Bjørg Gjersvik. Til høgre Olav L. Tvilde. FOTO: Arne Hofseth