Utlendingsdirektoratet (UDI) bestemte seg på fredag for at Simon (10) og faren Fkadu Thaye må tilbake til livet i Italia, skriv Firdaposten.no.

Då Simon og faren måtte reise frå landet i fjor, engasjerte lokalsamfunnet i Florø seg sterkt for at dei skulle få kome tilbake.

I tre månader budde Simon og faren på gata i Italia, før dei ved hjelp av ei engasjert støttegruppe i Florø fekk kome tilbake for å gå i kyrkjeasyl i Norge.

Tilbake i Florø snakka Simon framleis sunnfjorddialekt då han fekk møte att klassevenene.

— Han spurte kvar dag om han kunne få reise tilbake til Florø og begynne på skulen att. For meg er det ikkje noko problem å bu på gata, men slik er det ikkje for sonen min. Han var ikkje trygg, sa Fkadu Thaye til Bergens Tidende i november.

Då Simon måtte reise frå livet i Florø, grunngav norske styresmakter utvisinga med Dublin-konvensjonen, som seier at det er landet ein først søkjer asyl i som skal ta seg av flyktningane. No har UDI altså bestemt at søknaden om vern igjen skal handsamast etter Dublin-konvensjonen.