TERJE ULVEDAL

Politiet henta 26-åringen på arbeidsplassen. Grunnen er at dei meiner 26-åringen gav falskt alibi til mannen som er sikta for å ha teke livet av Hedda Karterudseter.

Avhøyrd i 10 timar

26-åringen sat i dag i politiavhøyr i meir enn ti timar. Like etter klokka 22 blei han sleppt fri.

— Siktinga er oppretthalden. Politeit har gjort ein del beslag. Men vi er glade for at han er sett fri, sa mannens forsvarar Louis Anda til bt.no.

Politiet vil ikkje kommentere siktinga.

— Av omsyn til etterforskinga må vi halde korta tett til brystet, seier politiadvokat Knut Broberg.

Nytt vitne

26-åringen har tidlegare forklart politiet at han såg den sikta i matkø ved ein kebabkiosk i sentrum. Dette skal ha vore like før klokka 02 natt til torsdag for ei veke sidan - same natta som 19-åringen blei kvelt. Fleire andre har fortalt at dei såg den sikta gå frå studentutestaden Meieriet saman med Hedda Karterudseter, rundt 01.30.

I kveld melde eit anna vitne seg som stadfestar 26-åringens opplysningar. Vitnet har fortalt at han også observerte somaliaren ved kiosken rundt klokka 02. Dette vitnet støttar opp om 26-åringens forklaring.

Etter det Bergens Tidende kjenner til meiner politiet at sjølv om den sikta var i matkøen, utelukkar det ikkje at han kan ha teke livet av 19-åringen.

Tidsrommet er såpass langt at han kan ha hatt tid til både å vere innom skulen, og komme tilbake til sentrum før klokka 02. Drapet kan også ha skjedd seinare på natta.

<b>FUNNET DREPT:</b> 19 år gamle Hedda Karterudseter ble funnet drept på hybelen sin på Sogndal Folkehøgskule for en uke siden.
PRIVAT