Mannen som er pågripen er i 20-åra. Han er ein kjenning av politiet, og hadde i tillegg besøksforbod i heimen der han forskansa seg.

Den pågripne forskansa seg i huset i to-tida natt til måndag og heldt fire personar, to vaksne og to born, som gislar i kring fem timar. Gislane er alle i familie med den pågripne.

Det var mannen sjølv som kontakta politiet og fortalde at han hadde tatt fysisk kontroll over personane i bustadhuset. Då situasjonen blei meir dramatisk rundt klokka fire om natta, rykte i underkant av 20 væpna politifolk ut. For og ikkje provosere fram ei ytterlegare tilspissing, valde politiet å halde ein låg profil. Politifolka gjekk i stilling rundt bustaden og heldt huset under oppsikt. Om natta var dei nokre gonger i kontakt med mannen via telefon.

Politiet slo til då mannen litt før halv åtte brått blei observert utanfor huset. Sjølve pågripinga skjedde utan dramatikk. Mannen blei straks fengsla. Han blir i dag framstilt for varetektsfengsling i Ytre Sogn Tingrett.

— Han er sikta for vald, for å ha sett fram trugslar og for brot på besøksforbodet, opplyser politijurist Knut Broberg til Bergens Tidende.

Broberg ønskjer ikkje å utdjupe kva mannen har gjort, men seier det i går kom fram opplysningar som gjer at siktinga blei utvida til også å gjelde valdsbruk

— Den sikta hadde ikkje våpen på seg då han blei pågripen. Er det no klart om mannen hadde tilgang til våpen om natta?

— Vi snakkar her om stikkvåpen, altså kniv, svarar politijuristen.

Overfor Bergens Tidende stadfestar politiet at dei fleire gonger sist helg var i kontakt med familien.

— Men det var då aldri snakk om ein slik situasjon som den vi opplevde natt til måndag, understrekar Broberg.