Mannen som blei pågripen er i 20-åra. Han er ein kjenning av politiet, og hadde i tillegg besøksforbod i heimen der han forskansa seg.

Mannen heldt fire personar, to vaksne og to born, som gislar i kring fem timar. Gislane er alle i familie med den pågripne.

Mannen, som er i slutten av 20-åra, forskansa seg i huset i to-tida natt til måndag. Då situasjonen tilspissa seg eit par timar seinare, rykte i underkant av 20 væpna politifolk ut.

Politiet valde å halde huset under oppsikt. Mannen blei pågripen litt før halv åtte då han brått blei observert utanfor huset. Sjølve pågripinga skjedde utan dramatikk.

Mannen sit no fengsla. Han blir i morgon framstilt for varetektsfengsling i Ytre Sogn Tingrett.