Våpenet var ikkje registrert på mannen som har erkjent å ha skote. Ammunisjonen som vart brukt, er av heilmantla type og ikkje godkjent til storviltjakt.

Sikra området

Det var tidleg om morgonen mandag at ein anonym mann ringte politiet og fortalde at han hadde skadeskote ein bjørn. No meiner politiet å ha identifisert mannen, og han er sikta i saka.

– Mannen har erkjent å ha skote på ein bjørn, og har sjølv påvist kvar dette skjedde. Området er no sikra av politiet, seier politiadvokat Magnar Austerheim i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den sikta er heimehøyrande i distriktet, og skal forklart at han var ute for å sjå til sauene sine da han måtte skyte i nødverge.

Politiet har enno ikkje avgjort kva den endelege siktinga mt mannen vil bli.

Ikkje i jaktlaget

– Det kjem an på kva som kjem fram i etterforskinga, men han har status som sikta i og med at vi har tatt beslag i våpenet hans, seier Austerheim.

Mannen skal ikkje ha vore deltakar i det jaktlaget som har vore ute etter bjørnen i Jostedal sidan dei fekk fellingsløyve for snaut to veker sidan.

Politiet jobbar no utfrå at ein skadeskoten bjørn kan vere i området, sjølv om intensive søk med spesialtrena sporhund og helikopter med varmesøkande kamera har vore resultatlause så langt.

– Så langt er det ikkje funne spor som tyder på at det faktisk har vore bjørn på staden, seier politiadvokaten.