Ammunisjonen som vart brukt, er av heilmantla type og ikkje godkjent til storviltjakt.

Sikra området

Det var tidleg om morgonen måndag at politiet fekk ei anonym melding om ein skadeskoten bjørn i Jostedal. I avhøyr erkjente ein sauebonde å stå bak skyteepisoden. Han er sikta i saka.

— Mannen har erkjent å ha skote på ein bjørn, og har sjølv påvist kvar dette skjedde. Området er no sikra av politiet, seier politiadvokat Magnar Austerheim i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den sikta er heimehøyrande i distriktet, og skal ha forklart at han var ute for å sjå til sauene sine da han måtte skyte i naudverge.

Politiet har enno ikkje avgjort kva den endelege siktinga mot mannen vil bli. Dei trur han mest sannsyneleg ikkje har treft bjørnen, men det kan også gå eit skadeskote dyr i området.

Ikkje i jaktlaget

— Vi har brukt helikopter med varmesøkande kamera, og vil gjere nye søk med spesialtrena sporhund for å finne bjørnen. Parallelt jobbar vi med å sikre spor på åstaden for skytinga, seier lensmann Asle Karoliussen frå Luster.

Det er ikkje sikkert det er mogeleg for politiet å finna blodspor dersom bjørnen i treft. Grunnen er det tjukke fettlaget dyret har.

Lensmannen opplyser at tekniske spor no vil bli sendt inn til økokrim for nærare undersøkingar.

— Vi vil sjekke alle forhold opp mot det den sikta forklarer, seier Karoliussen.

Varslar utlandske turistar

— 34-åringen har fått seg ei traumatisk oppleving. Han starta med feil utgangspunkt, hadde ikkje våpenløyve, ikkje jaktlisens og brukte ulovleg ammunisjon, og gav seg heller ikkje til kjenne da han varsla politiet. Han tar dette inn over seg, seier lensmannen.

Politiet oppmodar folk om å vere forsiktige med å gå i terrenget. - Dei lokale er nok godt orienterte om faren, men vi må også få meldinga ut til dei mange turistane som ferdast her. Blant anna har vi ein aksjon for å varsle alle utlendingar i bubil oppover i dalen.

Apneseth Oddleiv
Apneseth Oddleiv