Mannen vart fengsla i januar, etter at mor til eitt av barna slo alarm. Saka har vokse etterkvart som politiet har arbeidd med den. Den sikta mannen, som er i 40-årsalderen, sit framleis varetektsfengsla.

— Mannen er sikta for 17 forhold mot 15 barn, seier politiadvokat Knut Broberg til Fjordenes Tidende.

Overgrepa skal ha skjedd over ei årrekkje, ettersom politiet også meiner å ha funne tre straffbare forhold som er forelda.

Saker av denne typen kan komme til å gå for retten bak lukka dører, og Broberg er difor varsam med å opplyse detaljar om kva overgrep det er snakk om.

Likevel opplyser han at det er snakk om grove og omfattande overgrep mot to av dei fornærma.

Tidlegare er det kjent at mannen har hatt tilknyting til eit lokalt idrettsmiljø, og at i alle fall ein del av overgrepa skal ha skjedd i samband med dette tillitsvervet. Mannen skal ha erkjent delar av det han er sikta for.

Ifølgje Fjordenes Tidende vil politiet sende over si tilråding til statsadvokaten i løpet av mai.