Mannen var sentral i to Førde-selskap som begge dreiv med sal av bruktimporterte og andre brukte motorvogner. Begge selskapa blei slått konkurs for to år sidan.

Det er etterforskning som startet etter av det var opna konkurs i selskapa som har ført frem til den omfattande siktinga. Totalt er bilseljaren sikta for å ha unnlate å føre salet frå 42 bilar inn i rekneskapen for dei to selskapa han var dagleg leiar for.

På eitt år

Opprullinga av svindelsaka er mellom dei største i Førde på mange år. Forholda mannen er sikta for gjekk føre seg over ein periode på kring eitt år, før dei to selskapa blei slått konkurs.

Mannen opererte som dagleg leiar i to ulike selskap. I det eine var han i tillegg både eineeigar og styreleiar, i det andre selskapet var han nestleiar i styret.

På dette året skal brukbilseljaren ha selt 42 bilar der inntektene aldri blei ført inn i rekneskapen for selskapa. Politiet meiner salssummen for bilane totalt er på 9,2 millionar kroner.

Inn på eigen konto

Mannen er også sikta for å ha selt ei rekkje bilar der inntektene aldri blei betalt inn på selskapa sine konti. I fleire tilfelle skal salssummane ha gått inn på private konti, mellom dei bilseljarens eigne. I fleire tilfelle skal også kjøparane ha betalt kontant, men utan at pengane som er overlevert har dukka opp att i rekneskap eller på bankkonti.

Då det var klart at det gjekk mot konkurs i dei to selskapa, skal bilforhandlaren dessutan ha forsøkt å fjerne fleire bilar han hadde ståande.

Politiet meiner mannen på denne måten prøvde å unndra bilane, slik at bustyret ikkje skulle få bruke dei til å betale kreditorar som hadde pengar uteståande etter konkursen. Totalt er det snakk om ni motorvogner.

Fiksa speedometer

I siktinga høyre det også med at mannen må svare for at han ved fleire tilfelle skal ha lurt bilkjøparane. Mellom anna meiner politiet bruktbilforhandlaren skal ha fikset speedometera på fleire bilar.

Då bilane vart selde i Førde, var kilometerstanden vesentleg lågare enn då mannen kjøpte bilane i Tyskland. Politiet meiner dette er dokumentert etter å ha sett kilometerstanden ved salet i Norge opp mot opplysningar frå salsdokument i Tyskland.

I det mest ekstreme tilfellet viste salspapira på ein tyskimportert Mercedes at speedometeren stod på 192.000 kilometer då bilseljaren fekk hand om bilen. Då han selde denne vidare til kunden var kilometerstanden 136.000.

Mannen er også siktet for å ha svindla staten for hundretusenvis av kroner i avgifter. Dette er gjort ved at personbilar er registrert som varebilar i klasse 2 der tollen er mykje lågare.

Mannen er også sikta for fleire tilfelle av momssvindel.