18-åringens førarkort var på dagen to månader gammalt da tragedien skjedde utanfor Stryn sentrum litt over klokka 19 søndag kveld. Den 15 år gamle Camilla Myren frå Loen døydde i utforkjøringa.

Les også: Omkom i bilulykke

– Formelt sikta – Vi har tatt beslag i førarkortet. Det betyr at bilføraren er formelt sikta i saka, seier politiinspektør Ronny Iden ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Iden opplyser at den tekniske etterforskinga framleis pågår, og at politiet seinare kan komme tilbake med ei meir spesifikk sikting mot 18-åringen. Onsdag var 18-åringen enno ikkje formelt avhøyrt av politiet.

Vitne til ulukka har forklart at ulukkesbilen heldt høg fart da den kjørte av riksvegen. 18-åringens tolv år gamle BMW 320i vart totalvraka i rundkasta bortover marka. Ingen andre kjøretøy var involvert.

Brukte bilbelte Føraren og to andre passasjerar kom frå ulukka med lettare skader, og politiet har opplysningar som tyder på at dei brukte bilbelte.

Den omkomne sat på venstre side i baksetet, og vart kasta ut av bilen da den gjekk kast i kast bortover den relativt flate grasmarka. Politiet har enno ikkje avklara om bilbeltet har vore i bruk på hennar seteplass.

Ein ulukkeskommisjon frå Statens Vegvesen arbeider med å granske ulukka.

Politiet har tatt blodprøve av føraren, men det er ikkje mistanke om promille.

UTFORKØYRING: Camilla Myren (15) omkom og tre andre ungdommar blei skadde i ulykka.
JAN IVAR VIK