Politiet avslutta denne veka etterforskinga mot den drapssikta 39-åringen. Dei har nå sendt saka over til statsadvokatembetet i Hordaland, for vurdering der. Deretter går ho vidare til Riksadvokaten, som skal ta endeleg stilling til tiltale-spørsmålet.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, har politiet bedt påtalemakta tiltale marineoffiseren for overlagt drap.

Etterforskarane har heilt sidan eksmannen vart pågripen meint at drapet var nøye planlagt.

— Vi har avslutta etterforskinga. Det har ikkje dukka opp vesentlege nye moment i den avsluttande fasen, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold. Han vil ikkje kommentere innhaldet i politiets innstilling.

— Det er eit internt dokument, seier Krogvold.

Drapsvåpenet borte

Ingse Merete Rønnestad vart drepen 4. mars med fleire skot frå eit handvåpen i parkeringshuset City Park, like ved Tinghuset i Bergen. Rønnestad var på veg til eit rettsmøte med eksmannen, eitt av mange i kjølvatnet av skilsmissa i 1995.

Drapet bar preg av å vere ei avretting. Drapsvåpenet er ikkje funne. Den 39 år gamle marineoffiseren, som var permittert frå forsvaret etter fleire personalsaker, vart pågripen i Aurland få timar etter drapet. Då hadde han ein parkeringsbillett frå drapsstaden i lomma, stempla inn få minutt før drapet.

På framskjermen til bilen han køyrde fann politiet blod frå drapsofferet. Vitne såg også ein bil lik eksmannens kome i stor fart ut av parkeringshuset like etter at skota fall.

Håp om rettssak i haust

39-åringen nektar for å ha noko som helst med drapet å gjere. Han hevdar at han ikkje hugsar noko frå drapsdagen, men avviser heilt at han kan ha løyst skota. Han har ikkje ønskt å forklare seg for politiet.

39-åringen er i fengselet vorte vurdert av to rettspsykiatrar. Dei meiner han kan straffast, og at han ikkje var utilrekneleg då drapet skjedde - sjølv om dei meiner å sjå både paranoide og kverulantiske trekk hos marineoffiseren.

Politiet håpar at saka mot 39-åringen kan kome opp for Bergen tingrett i løpet av hausten.

39-åringen er siktet for drapet på sin ekskone her i parkeringshuset City Park i Bergen 4. mars.
ARKIV: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN