Espen Furre blir liten attmed det sju etasjars bustadkvarteret som reiser seg under halltaket hos Apply Leirvik på Stord. Når aluminiumklossen neste sommar blir overført til Statoils Gudrun-plattform, vil platearbeidaren frå Sagvåg ha lagt bak seg hundrevis av undervisningstimar i matte, fysikk, norsk og engelsk. For frå i dag er 26-åringen både lønsarbeidar og student, som ein av 35 industritilsette tatt opp i eit nytt og unikt ingeniørstudium.

— Matten blir ei utfordring. Men òg eit interessant fag med logiske svar som det er ei god kjensle å finna løysing på, seier han.

Espen Furre er van med å klatra på jobben. No vil han stiga i gradene og bli ingeniør. Som student i kjeledress.

Høg snittalder

— Med ein mangel på 7000–8000 ingeniørar er det positivt med alle initiativ som gjer fleire ingeniørar tilgjengelege. Stor ingeniørkompetanse vil vera ekstra viktig for å vinna framtidige offshoreoppdrag, seier Jan Hodneland, direktør for arbeidsliv i Oljeindustriens Landsforening (OLF).

— Ikkje minst er det viktig å få ungdom til å velja ingeniøryrket, ettersom gjennomsnittsalderen i den norske ingeniørstanden tek til å bli høg, seier Hodneland.

OLFs siste konjunkturrapport skisserer optimisme i oljenæringa og høg aktivitet på norsk sokkel dei neste åra, trass mørke utsikter for verdsøkonomien. Sokkelinvesteringane målt i 2011-prisar kan gå opp til ein topp på 185 milliardar kroner i 2014, frå rundt 153 milliardar i år. Norsk leverandørindustri får med andre ord store oppgåver å bryna seg på, men har dei siste åra møtt hardare konkurranse frå verft i Asia og Aust-Europa.

Stort behov

I dag er det første samling for det nye studiet på Stord, som skjer i eit spleiselag mellom Hordaland fylkeskommune og fire stordbedrifter med stort ingeniørbehov. Kværner Stord, Wärtsilä Norway, Apply Leirvik og Advantec med sine i alt over 2500 tilsette treng eit årleg påfyll på rundt 100 ingeniørar.

— Vi slit med ingeniørrekrutteringa. I staden for å venta og håpa på det beste, ønskte vi å få til noko saman med lokale skular, seier Kværner Stords Trond Haga. Han er prosjektleiar for studiet, og meiner behovet for teknologisk kompetanse aukar i takt med ei utvikling der norske offshoreverft sine oppdrag er plassert stadig høgare i verdikjeda.

— Vi har gode operatørar som absolutt blir gode ingeniørar når dei får den rette utdanninga. Ingeniørar med praktisk erfaring frå produksjon og fabrikasjon er ettertrakta, seier John Arild Gravdal, personalleiar ved Apply Leirvik.

- Blei veldig ivrig

— Opplegget er to veker på jobb og ei veke på skule, seier platearbeidar/student Espen Furre. Han har arbeidd på Apply Leirvik sidan han blei lærling der etter enda utdanning på plate/sveis-lina ved Stord vidaregåande i 2006, og har i dag fagbrev som aluminiumskonstruktør.

— Eg blei veldig ivrig då eg i vår høyrte om det nye studietilbodet, og har alt gått laus på dei første prøvane på nett. Eg har lenge hatt interesse for teikning og konstruksjon, og er perfeksjonist på detaljar.

— Betyr det at du er lei jobben som platearbeidar?

— Slett ikkje. Det er kjekt og variert, nett som å byggja Lego. Kvar dag kan eg gå heim og sjå at det har skjedd noko med det vi arbeider med.