Dei 13 fastbuande i Otterdal i Hornindal har vore utan veg sidan orkanen «Dagmar» vaska vekk 1,7 kilometer av fylkesvegen frå kommunesenteret Grodås i jula. No rår fylkesrådmannen til at vegen vert bygd opp att til same standard som før.

Det vil koste mellom 23 og 53 millionar kroner gjere vegen køyrbar utan sikringstiltak. Med ei slik løysing kan vegen opnast hausten 2013.

Alternativet med sikringstiltak vil ha ei kostnadsramme på mellom 58 og 136 millionar. Men ifølgje ei pressemelding vil vegen då i verste fall ikkje kunne opnast før 2014.

Av dei mest rasutsette

Vegen frå Hornindal sentrum langs nordsida av Hornindalsvatnet til Otterdal har vore mellom dei mest rasutsette i Sogn og Fjordane. Innbyggjarane i grenda ønskjer primært at vegen blir sikra med bygging av ein to kilometer lang tunnel.

Ordføraren i Hornindal har stilt seg bak kravet, og bedt Samferdsledepartementet gå inn ekstramidlar.

Svaret frå statsråd Magnhild Meltveit Kleppa, som sjølv var på synfaring lang Otterdalsvegen eatter juleorkanen, er at staten ikkje kan gå inn med ei slik løyving i 2012.

Departementet har heller ikkje teke til stilling til eventuelle ekstramidlar for å rydde opp etter skadane.

Otterdal kan altså bli utan veg i halvtanna år til. Fylkeskommunen har starta ei båtrute på vatnet, og denne skal vidareførast til vegen er bygd opp att.

Fem ulike løysingar

Statens vegvesen har vurdert fem ulike løysingar.

  • To av løysingane går altså på å byggje opp att vegen til den standarden han hadde før Dagmar kom — med og utan sikringstiltak.
  • Dei siste tre alternativa ser på ulike tunnelløysingar, med ei kostnadsramme på frå 103 til 674 millionar kroner avhengig av løysing. Vegen vil ikkje kunne opnast før 2015, dersom det skal byggjast tunnel.

Det er også vurdert eit nullalternativ, altså å leggje vegen ned. Dette kan ikkje fylkesrådmannen gå inn for.

I tilrådinga til politikarane legg fylkesrådmannen til grunn at aktivitetsnivået på rassikring skal tilpassast tilskotet frå staten. Det skal ikkje nyttast ordinære fylkeskommunale midlar på rassikringstiltak.

Hovudutvalet for samferdsle skal handsame saka 12. april, og fylkestinget gjer endeleg vedtak 17. april.