— Kommunestyret ville ikkje gje frå seg fossen for knappar og glansbilete. Me såg føre oss midlar til ny vegtunnel både til Sauda og til Skånevik. Men no sit me att med så å seia ingen ting, seier Etne-ordførar Amund Enge (H).

— Tre millionar kroner er alt. I tillegg misser me vatn til ei planlagt kraftutbygging i Fjæraelva, seier ein skuffa ordførar.

Verneinteressene er ikkje nådige i omtalen av NVE-framlegget.

— Skanadaløst. NVE har valt konflikt. Langfossen er teken ut for å gjera prosjektet meir apetitteleg for politikarane, seier Ole Martin Lund i Vernegruppa for Saudavassdraget. Gruppa har sjølv lagt fram eit utbyggingsalternativ om lag halvparten så stort som NVE sitt. Og til om lag halve kostnaden.

— Eit gufs frå fortida. Ein provokasjon. Dette er i strid med det både Stortinget og regjeringa Stoltenberg har sagt, og er dømt til å mislukkast i Stortinget, meiner Øystein Dahle, styreleiar i Den Norske Turistforening og World Watch.