På denne måten vil fylkestinget sikra at fylkestinget sine tidlegare vedtak om tildeling av midlar til Hardangerbrua vert oppfylt.

Vedtaket vart gjort med 47 (H, Frp, KrF, Pensj., Ap, Sp) mot ti røyster (SV, RV og V).

Ved inngangen til 2003 stod vel 111 millionar kroner på fond til Hardangerbrua. Utlånet til Hardangerbrua skal vera lik denne summen.

Frå komande årsskifte vert rekneskapsføresegnene for fylkeskommunane endra og ordninga med særrekneskap vert avskipa. Fylkestinget sitt vedtak om å setja av midlar til byggjing av Hardangerbrua krev difor andre føringsmåtar. Det er i denne samanheng fylkesrådmannen har føreslege at fondsmidlane i særrekneskapen vert gjort om til eit utlån til Hardangerbrua AS. På denne måten vert fylkestinget si avsetjing til Hardangerbrua heilt sidan 1985 sikra, heiter det i saksutgreiinga.

Her kan ein igjen tenkja seg ulike alternativ. Ein kan låna ut midlane til ein kommune i «bruområdet», det kan opprettast eit eige forvaltningsselskap for dette føremålet eller ein kan nytta eksisterande selskap.

MOGLEG LØYSING: Slik kan ei bru over Hardangerfjorden kome til å ta seg ut. (Arkivillustrasjon - biletet er manipulert)