I første omgang meiner Luftfartsverket det må innførast kontrollert luftrom over flyplassane i Førde og Florø. Seinare kan det bli aktuelt å gjere det same over Sandane og Sogndal.

Eigentleg skulle kontrollert innflyging vore innført på dei to Sunnfjord-flyplassane alt midt på 90-talet. Då blei trafikken ved dei to flyplassane så stor at dei etter regelverket skulle hatt flygeleiarar og innflygingskontroll.

På kollisjonskurs

Dårleg radardekning gjer at flesteparten av kortbaneflyplassane i landet har eit ukontrollert luftrom der pilotane i praksis er eineansvarlege for flyginga. Førde Lufthamn er eit godt døme på korleis dette fungerer. AFIS-betjentane i tårnet på flyplassen har rundt flyplassen ansvaret for luftrommet opp til 4500 fot. Når flya kjem så høgt at dei kan sette på radar, kring 9500 fot, tek Stavanger Kontroll over. Men frå 4500 til 9000 fot går flya som skal lette eller lande, i ukontrollert luftrom.

Når det no blir tatt affære med luftrommet over Førde/Florø er grunnen ei dramatisk hending sommaren for to år sidan. Laurdag 29. juli tek eit Widerøe-fly av frå Førde Lufthamn i retning Flesland. Samstundes er eit tysk ambulansefly på veg inn for landing. Medan tårnet i Førde står i kontakt med passasjerflyet, er det flygeleiarane ved Stavanger Lufthamn som har sambandet med det tyske ambulanseflyet.

Då det tyske ambulanseflyet kjem under 9000 fot og Widerøe-flyet har nådd ei høgde på 4500 fot ligg dei to flya brått svært nær kvarandre.

Situasjonen blei avverga. Vêret denne dagen var svært godt. Flygarane såg kvarandre, og kunne difor føreta ei visuell forbipassering.

— Trygt å fly

Men Havarikommisjonen for sivil luftfart blei varsla om hendinga. Og i ein rapport frå i fjor bad dei Luftfartsverket sjå på om det var nødvendig med tiltak for å unngå liknande hendingar i framtida. Det er dette Luftfartsverket no har tatt ad notam.

— I praksis eksisterer det to alternativ. Anten kan Stavanger få ansvaret for innflygingane til Førde og Florø. Eller så kan det bli tilsett flygeleiarar ved ein av dei to flyplassane i Sunnfjord. Dei vil då kontrollere innflygingane til begge lufthamnene. Uansett alternativ vil det måtte investerast i radar- og anna teknisk utstyr, seier rådgjevar Simone P. Tuft i Luftfartsverket til Bergens Tidende.

Ho legg ikkje skjul på at dette vil bli relativt store investeringar, og at kostnadene vil avgjere kva alternativ Luftfartsverket satsar på. Tuft trur ikkje kontrollert luftrom vil vere gjennomført før i 2004.

— Er det trygt å bruke kortbanenettet i Sogn og Fjordane?

— Det er det. Folk treng ikkje engste seg. Episoden over Førde for to år sidan er så vidt eg kjenner til den einaste i sitt slag på kortbanenettet i fylket, seier Tuft.