Sikra seg alle Eikaasplatene
Alliansen mellom Jølster kommune og kunstmusea i Sogn og Fjordane og Bergen sikra seg i går alle dei 12 Eikaasplatene som blei selt på auksjonen hos Blomqvist.
AV: terje ulvedal
Les også:
Totalt må kjøparane ut med kring 2,3 millionar kroner for dei 12 trykkplatene. Platene gjekk under hammaren for nær 1,9 millionar. Utover dette skal auksjonsfirmaet ha 18 prosent tillegg for å ha gjort jobben.
Det var spesielt tresnittet «Hest i vind» som drog prisen opp. Frå ein utropspris på 35.000 kroner stoppa ikkje bodrunden før på 700.000. Siste bodet blei lagt inn av avdelingsdirektør Audun Eckhoff ved Bergen Kunstmuseum. Han sat i Bergen og baud på telefon, og hadde i følgje avisa Firda vide fullmakter frå samarbeidspartnarane.
I morgon opnar ei stor utstilling av bileta til Ludvig Eikaas på Eikaasgalleriet i Jølster. Jostein By, rådmann i Jølster, seier til NRK Sogn og Fjordane at dei håpar å ha platene på plass i Jølster til morgondagens utstilling.
Les også
Siste fra Lokalt
Relaterte bilder
Ludvig Eikaas: «Mannshode» frå 1952.