ARNE HOFSETH (tekst og foto)

arne.hofseth@bt.no

Lina Hamre var einaste passasjer med skuleskyssen frå ungdomsskulen i granneheradet Granvin i går ettermiddag.

— Eg overnatta på Voss, grunna fotballtrening kvelden før, og kom meg greitt til skulen om morgonen, seier Lina til bt.no.

Heimreisa vart heller ikkje noko problem for sprekingen som spelar på jentelaget til Fotballklubben Voss. Sjåføren måtte snu ved vegsperringa i Kvammen. Med eit par lange byks på oppsprukken asfalt, som stikk opp av vatnet, er Lina på trygg grunn på andre sida. Der ventar far med privatbilen.

— Vegen vidare mot Kaland, Djønno og Tjoflot er heilt i orden, fortel Samson Hamre.

Det gjeld også det utsette punktet i Styggagjelet, der folk måtte snu tidlegare på dagen. Elva hadde est opp, og det rann nesten like mykje vatn oppå vegen som under. Men vatnet gjorde ikkje skade på vegen, og han var farbar att då vassføringa minka. Dette har skjedd før på denne staden.

Likevel må dei rundt 50 personane som bur i denne delen av Ullensvang herad, klara seg utan vegsamband eit par dagar til. Ved Kvammen har bekken grave med seg massar som har tetta veita under vegen. Vatnet har grave i berelaget på vegen, teke med seg vegskuldra på nedsida, og fått asfalten til å sprekka opp.

Utbetringsabeidet tek til i dag.

— Vi treng to dagar på dette arbeidet, men folk skal få lov til å passera til fots, seier Kåre Olav Aldal i Vegstellet til bt.no.

Dei som er innesperra får med andre ord ikkje med seg bilane sine ut før torsdag, og må ordna alternativ transport for å koma seg på jobb og skule. Manglande snuplass vest for tunnelen er eit ekstra problem.

ILLE MEDFART: Det strie bekkevatnet øydela både berelag, asfalt og skulder på fylkesvegen mellom Vallavik og Tjoflot.
ARNE HOFSETH
LETTBEINT: Ein liten bekk har skapt store problem for folk på Ullensvangsida av Oksenhalvøya, men ikkje for fotballspelaren Lina Hamre på heimveg frå ungdomsskulen i Granvin.
ARNE HOFSETH