Signingsturen med Signatur tok til i Oslo på tidleg ettermiddagstid torsdag, med Arne Hjeltnes som reiseleiar og Jørn Hoel som ein av gutta på tur.

Først fekk ein del kundar i hovudstaden ein togtur til Hønefoss, og deretter vart det skipa til "Stasjonens dag" både på Hønefoss, Gol og Geilo.

I dag står stasjonane på Voss og Myrdal for tur, og laurdag blir det stor stas i Bergen. Signaturtoget svippa i går kveld innom Bergen og returnerer til Voss i dag med bergenske næringslivskundar på togtur, og foredrag av visekonsernsjef Arne Hvam på Fleischer's Hotell, medan bygdefolk og minst 550 barnehageborn studerer toget og let seg underhalda av Blekkulf og Ole Brumm. Ja takk, begge deler.

Langdistanse

Signatur er NSB sitt nye varemerke for langdistansetog. Mellomdistansetoga skal heita Agenda og kortdistansetoga Puls. Togdesign for alle tre kategoriane er laga av Sifab Train Design i Göteborg, og har hausta internasjonal ros.

Omgrepet Signatur blir mest brukt om dei nye krengetoga som er bygt av Adtrans. Dei første setta kom i 1999, fulle av barnesjukdomar. 16. juni 2000 vart akselen på eit slikt tog knekt på Nedlaug stasjon på Sørlandsbanen. Farten var berre 30 km/t og ingen kom til skade.

BT avslørte at akslingen hadde ein sprekk nesten tvers gjennom før brotet kom. Blant andre problem kan nemnast at datastyringa ikkje greidde overgangen til nytt tusenår. Siste rapportar frå Sørlandsbanen er likevel positive.

Fartsauke seinare

Signatur skal erstatta morgonekspressane og ettermiddagsekspressane i begge retningar på Bergensbanen frå måndag 17. september. Rutetidene vert uendra. Frå Bergen 7.58 og 15.58.

Først i 2003 reknar NSB med at Bergensbanen er klar for fartsauke. Då er skinnegangen utbetra og toget har vonleg fått att si høgfartsgodkjenning. Dermed kan togturen mellom Bergen og Oslo kuttast med 45 minutt, frå seks og ein halv time til fem timar og tre kvarter.

NSB sin nye filosofi er å køyra kortare tog, men tettare mellom avgangane. Men toga må gå fortare for å kunne auka frekvensen.

Togsettet tek berre 207 passasjerar, men det kan koma på tale å kopla saman to sett fredagar og laurdagar på Bergensbanen. Det kan bøta på ei problematisk overgangstid fram til 2003. På Bergensbanen er ein litt spent på korleis toget vil takla den barske vinteren, men effektive roterande snøplogar står klare.

TØFT MED TOG: Signaturtoget er snart klar for Bergensbanen. FOTO: ARNE O. LINDAHL, HALLINGDØLEN