44-åringen frå Hestenesøyra har vore leiar for strategistaben i Statens vegvesen Region vest, og slik sett nr. 2 i rekkja etter Torpp. Av den grunn var det naturleg at Signe Eikenes vart konstituert i stillinga som regionvegsjef etter at Ole Chr. Torpp slutta i stillinga 1. juli.

Men Signe Eikenes har enno ikkje avgjort om ho kjem til å søkja den ledige stillinga.

— Eg er i tenkjeboksen og er litt tvilande, seier ho til Bergens Tidende.

— I ei stilling som dette treng du ikkje ha reisevegring.

Mangslungen og innfløkt

Det kan dei fleste skriva under på som er tilsette ved hovudkontoret til Region vest i Leikanger. Også Signe Eikenes har kontoret sitt i Leikanger, der ho også bur. Men i heimen har ho tre tenåringar å halda styr på. Det er ikkje så greitt for ein regionvegsjef som tidt og ofte må ut til distriktskontora, som ligg på Voss, i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger.

Ein meir mangslungen, men og innfløkt vegregion kan ein knapt tenkja seg.

Etter Josef

Det har og Ole Chr. Torpp fått merka. Torpp tek over stillinga som trafikksjef i Vegdirektoratet.

— Det gjekk fort føre seg. Vegdirektøren har permisjon, og litt omflytting førde til at det måtte fyllast på med folk. Eg fekk eit tilbod som eg sa ja til, seier Torpp til Bergens Tidende. Men han legg at Leikanger også for han har skapt ein del praktiske vanskar med omsyn til familien.

KANSKJE VEGSJEF? Signe Eikenes frå Gloppen fungerer som regionvegsjef, men veit enno ikkje om ho søkjer den ledige stillinga etter Ole Chr. Torpp. Fristen for å søkja er 15. august.