— Mange slike vogner er under oppgradering i Malmø, opplyser informasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i NSB. Men han legg til at det enno ikkje er teke avgjerd i saka.

Lundeby understrekar at det ikkje er av tryggleiksgrunnar NSB vurderer å gå attende til «gammaldagse» lokomotiv og vogner på Bergensbanen. NSB meiner at også motorvognsetta er sikre.

— Trafikkauken på Bergensbanen tilseier at vi treng større fleksibilitet, seier Lundeby.

Når eit motorvognsett er fullt, kan setekapasiteten berre aukast ved å kopla til eit heilt sett til. Med lokomotiv og vogner let deg seg gjera å hekta på vogner etter behov.

— Dei oppgraderte vognene vil gje passasjerane ei heilt anna reiseoppleving enn før, lovar informasjonssjefen.

Dei gamle vognene vil framstå med moderne interiør. Straum til datamaskiner er blant dei nye tilboda.

Blanda mottaking

Motorvognsett type 73, ofte omtala som Signaturtog, vart møtt med stor skepsis då det vart sett i drift på Bergensbanen. Det vart klaga på plassmangel til ski, syklar og ryggsekker. Seta kan ikkje snuast, og det vart hevda at dei takla dårleg vinteren på høgfjellet. Seinare viste deg seg også at farten ikkje kunne aukast, trass kostbart krengeutstyr.

Likevel reknar NSB med å få kritikk også når det sterkt kritiserte nyetoget vert erstatta av det gamle, som mange meiner er så mykje betre. Passasjerar har blitt glade i den nye toget, og minner om konsernsjef Einar Enger sine ord på opningsturen; også Bergen fortener eit moderne tog.

I Jernbaneverket ser ein derimot ingen ulempe med å gå attende til det gamle. Det nye toget har sett strengare krav til snøryddinga på høgfjellet. Snøen må sopast grundigare bort framfor eit motorvognsett enn eit tog med lokomotiv og vogner.

Raudlakkert

Togsett 007 var i drift att på Bergensbanen då hundreårsdagen for samankoplinga av skinnene frå aust og vest vart markert tysdag.

Signaturtoget køyrde inn i eit snøras ved Storekleven mellom Myrdal og Hallingskeid, spora av og gjorde eit James Bond-stunt ned den bratte skråninga mot Klevavatnet. Personskadane var minimale, og togsettet vart heller ikkje ille medfare. Men det måtte delast i to med skjerebrennar før Bergensbanen kunne opnast for trafikk att. Dei to vognene som vart liggande i skråninga til våren, måtte også skjerast frå kvarandre før dei kunne løftast opp att på lina med svære mobilkranar.

Raude tog

No er togsettet reparert og blitt raudlakkert, medan dei andre setta av denne typen framleis er blå.

— Tanken er at NSB sitt materiell skal ha same fargen på sikt, men det er ikkje aktuelt å lakka om dei andre toga før vedlikehaldsplanane tilseier det, fortel Lundeby.

Både blåfargen og Signatur-namnet skriv seg frå tida då NSB sin persontogtrafikk skulle delast inn i tre separate organisasjonar; langdistanse med blå Signaturtog, mellomdistanse med raud Agenda, og grøne Puls lokaltog. Det var meininga at også nattog og dagtog med lokomotiv og vogner skulle få Signatur-logo, men dei er framleis raude. No er den planen for lengst vraka, men Signatur-namnet er blitt hengande med dei togsetta som ei tid bar logoen.

007 PÅ HJULA ATT: NSB sitt togsett nr. 73007 er på skinnene att etter avsporinga i vinter. Også dei andre Signatursetta (type 73) byter frå blått til NSB sin raudfarge når dei må lakkerast att.