— Det er avgift på all lovleg alkoholtilverking her i landet. Men når bøndene skal produsera alkohol, ventar dei avgiftsfritak! Velkomne til den verkelege verda, sa Sponheim under dei landsomfattande Bygdeutviklingsdagane som i år held til på Voss.

Sponheim ser heller ikkje stor realisme i kravet om at bøndene skal få lov til å selja heimebrygg og sider, utover konsum på gardsrestauranen.