Omkrinsa av norske og skotske æresvakter og eit lite tusentals shetlendarar og norske vestlendingar avduka Barbara Melkevik minnesteinen over dei 44 som miste livet i den såkalla Shetlandbuss-trafikken over Nordsjøen under siste verdskrigen.

Bautaen som er sett opp i den mest sentrale av nordsjøfartens hamner på Shetland er laga av steinar frå dei 24 norske kommunane som dei 44 omkomne mannskapa kom frå.

På toppen av monumentet står ein modell av skøyta «Andholmen», som deltok i kryssingane mellom Shetland og Noreg, og som i helga er til stades på markeringa på Shetland — etter eit mindre lekkasjeuhell på overfarten torsdag.

Gift inn i Shetlandsgjengen

— Dette er ein veldig stor dag. Eg føler meg både glad og trist, sa Barbara Melkevik etter at ho tok det norske flagget av monumentet.

Barbara frå Scalloway blei gift med Arne Melkevik, ein av karane i Shetlandsgjengen som gjorde mange båtkryssingar over Nordsjøen. Dei flytta til Klokkarvik på Sotra etter krigen. Arne døydde i 1990.

Barbara Melkevik peika seg naturleg ut som bautaavdukar med sine nære band til både Shetland og Vestlandet, og aktiv som ho er i venskapssambandet mellom Noreg og den britiske øya med dei sterke banda til Vestlandet.

4000 menneske flykta

Rundt 4000 menneske flykta vest over Nordsjøen etter at Tyskland invaderte Noreg i 1940. Dei fleste blei sette på land på Shetland, først i Lunna og Lerwick, seinare i den lunare hamna i Scalloway.

Nokre av båtane blei sende tilbake til Noreg for å levera våpen og henta spionopplysningar og endå fleire flyktningar. Det er desse båtane som blir omtalte som Shetlandbussane.

Då dei norske fiskeskøytene i denne trafikken fekk store tap i 1942 og 1943, var nordsjøfarten nær ved å bli avvikla. Men så tilbydde USA dei ombygde ubåtjagarane som blei døypte «Vigra», «Hessa» og «Hitra».

Av i alt 203 turar til Noreg, stod dei tre ubåtjagarane for 114, utan å tapa mannskap. «Hitra» deltek på markeringane på Shetland i helga. Også møreskøyta «Heland» er med. Det blei i går også lagt ned kransar frå norske fartøy, kommunar, privatpersonar og frå Nordsjøfartmuseet. Mannskoret Havdur frå Bømlo song under seremonien, og gir fleire konsertar på Shetland.

Fiskeriminister Svein Ludvigsen kom forseinka til avdukinga. I hans plass talte kommandørkaptein Trygve Thodesen frå Haakonsvern orlogsstasjon.

— Dette monumentet varmar våre hjarte og vitnar om det nære sambandet mellom våre to nasjonar, sa Thodesen.

SHETLANDMARKERING: Barbara Melkevik (77) frå Sotra og Shetland stod for avdukinga av minnesmerket over omkomne på Nordsjøbussane under krigen i Scalloway i går.<br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR