Eigentleg hadde Siri Fransson (42) gitt opp sexlivet før det hadde begynt. Rullestolen er ingen mannfolkmagnet.

— Dei kunne synest at det var kjekt å snakke med meg, men forsvann med halen mellom beina med ein gong det kom kjensler inn i biletet, fortel ho.

Fransson, som har ein medfødd muskelsjukdom, var i mange år full av negative tankar om eigen kropp og seg sjølv som kvinne. Heilt til det fantastiske skjedde.

  • Eg trefte ein mann som såg meg , ikkje rullestolen.
Eg ser liksom ikkje for meg å skulle lære nokon opp i å bruke personheisen for ein kveld

Siri Fransson (42)

- Aargh!

Ho var godt vaksen, då ho debuterte. I dag er Fransson bitter over at ho torde så lite, venta så lenge og gjekk glipp av så mykje.

— Det var jo ikkje eit problem i det heile tatt! Aargh, tenkte eg, kvifor trudde eg så lenge at ikkje eg var bra nok?

Ho hadde fått ei aha-oppleving, som ho ville dele med andre. Fransson tok initiativ til sex- og samlivskurs for single og par i regi av Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon i Hordaland. Tema er sex, lyst og glede, og den første helgesamlinga er for single i mai.

  • Fordi eg hadde fått det så bra sjølv, hadde eg så lyst til at andre i min situasjon skulle få oppleve det same, seier prosjektleiar Fransson.

Halen mellom beina

I dag er ho single igjen, og alle som har sett den amerikanske TV-serien veit at sex og singelliv kan vere kompliserte saker. For einslege som har nedsett funksjonsevne på grunn av sjukdom eller skade, kan barrieren mellom eigen kropp og eit sexliv av og til virke uoverstigeleg.

— «One night stands» er ikkje lett. Eg ser liksom ikkje for meg å skulle lære nokon opp i å bruke personheisen for ein kveld, seier Fransson tørt.

Låg sjølvtillit og redsel kan øydeleggje potensielle kjæresteforhold alt i startgropa. «Sjekketerskelen» blir høg. Med eit sukk fortel Fransson om stadige forelskingar og nesten-forhold.

— Det er greitt å flørte, men når andre lyster kjem inn, blir du redd. Du tør ikkje gå så langt. Det lettaste er å feige ut, stikke av. Det er ein vond sirkel.

Men det går an å bryte ut. Lene Henriksen (33) er kursleiar på singelsamlinga saman med Fransson. Ho har ein muskelsjukdom og var single, då ho vart handplukka til jobben.

Like før jul i fjor sende ho ønskeliste til nissen. Øvst stod «handyman». 2. juledag vart ønsket oppfylt. Henriksen er ikkje single lenger.

  • Julenissen finst! Eg er bombesikker.

Tabu

Så langt har sjukdommen skapt få hinder i det nye forholdet, men Henriksen er klar over at seksuallivet kan bli utfordra i framtida.

— Blir eg dårlegare, må vi finne nye måtar å gjere ting på for å få det til å fungere. Kanskje må eg begynne å bruke pustemaske om nettene. Det er ikkje akkurat sexy!

  • Nei, det er så usexy som det kan bli. Eg skremde bort ein mann med den maska, seier Fransson, som må ha pustehjelp kvar natt.

Å snakke om seksualitet og funksjonshemming er tabubelagt, sjølv om behovet for sex er like stort som hos folk flest.

— No er det på tide vi snakkar høgt om dette, seier Fransson.

Råd og hjelp for det meste

Ikkje alle får sexlivet til å fungere aleine. Ofte kan det handle om hjelp til å få tru på seg sjølv og eigne evner til å ha eit godt sexliv.

— Det går an å ha eit utmerkt sexliv aleine også, seier Anne Kristin Dobbe Eikaas, spesialist i sexologisk rådgjeving og fagleg ansvarleg for kurset.

Eller det kan handle om å få hjelp, når den eine partnaren får ein diagnose og kropp eller nervesystem forandrar seg.

— Ofte handlar det om å finne nye måtar å vere saman på. Derfor er det viktig å snakke om korleis kroppen fungerer i forhold til samliv og fantasiar, forklarar Dobbe Eikaas.

— Dei fleste definerer sex som ein viktig del av parforholdet, og det finst løysingar, råd og hjelpemiddel for det aller meste.