— Det er heilt forferdeleg at dei slepp han fri, og at han skal kome tilbake til Florø. Florø er ein liten plass, og eg slit alt med angst for å gå ut etter overgrepet. No blir det mykje verre. Skal eg berre bure meg inne, seier den 47 år gamle kvinna.

Natt til 1. april i fjor blei ho med heim til to menn ho møtte utanfor ein bar. I Fjordane tingrett i juni i år vart den eine av mennene dømd til fengsel i to og eit halvt år for å ha valdteke kvinna denne natta. Den andre blei dømd til fengsel i to år for medverknad til valdtekt, fordi han hjelpte kameraten med å dra av henne buksa.

Det var medhjelparen som i går blei sett fri av Borgating lagmannsrett.

- Redd han vil oppsøkje meg

— Eg har hatt store problem etter det som skjedde, blant anna får eg ikkje sove utan å bruke sovemedisin. Både fastlege og psykolog har teke seg godt av meg, men det hjelper jo ingenting dersom han kjem hit. No er eg veldig redd for at han vil oppsøkje meg, eller sende andre for å oppsøkje meg, seier kvinna.

Begge dei to 27-åringane har anka dommen frå Tingretten. I ei slik alvorleg sak er det vanleg at dei dømde sit varetektsfengsla til saka kjem opp på ny. Ifølgje lova skal det ikkje gå meir enn åtte veker frå dom i Tingretten til ny behandling i lagmannsretten.

Problemet er at Gulating lagmannsrett ikkje har ankesaka på planen før 7. april 2008.

Det tykkjer Borgating er uakseptabelt lenge, og valde derfor å sette mannen fri då dei handsama spørsmål om vidare varetektsfengsling denne veka.

Retten ser at det er reell fare for at mannen, som opphavleg er frå Eritrea, kan kome til å forlate landet når han blir sett fri. Dommaren legg likevel større vekt på at den dømde ikkje kan sitje i varetekt så langt ut over det som er akseptert av lova.

- Vil ikkje reise ut av landet

— Klienten min er frå Eritrea, men vil vere her i landet for å vise i ankesaka at han er uskuldig. Han har heller ikkje pass, seier advokat Vidar Storvik som forsvarar mannen.

Advokaten forstår at det er tungt for den fornærma kvinna at mannen slepp fri.

— Det er lett å sjå at dette er vanskeleg for henne, men vi kan ikkje leve med så store tidsoverskridingar som Gulating opererer med for tida. Min klient ville nesten vore ferdig med å sone dommen når ankesaka kjem opp. Slik skal ikkje systemet vere, seier Storvik.

Ivar Hauge er bistandsadvokat for kvinna. Han er redd for at 27-åringen vil stikke av.

— Det er horribelt at ein person dømd for medverknad til valdtekt no kanskje slepp unna straffa, fordi lagmannsretten ikkje greier å finne lokale til å halde ankesaka. Eg meiner det er ganske opplagt at han vil stikke av. Dette er ein person som relativt nyleg har kome hit frå Afrika, seier Hauge.

BT klarte ikkje å få kontakt med aktor i saka, 1. statsadvokat Jan Hoel, i går.

Amundsen, Paul S.