Tre elevar serverte kake som inneheldt avføringsmiddel til sine medelevar. Fem elevar fekk magesjau midt i eksamensperioden etter kakestuntet, melder Firda.

Alle elevane høyrer til den internasjonale skulen United World College (UWC) i Fjaler.

Ein av elevane som vart sjuk etter kakeselskapet, konsulterte helsesøster. Ho fann raskt ut av magesjauen stamma frå avføringsmiddel, og dette vart spora tilbake til kakebaksten.

Tre elevar tilstod å ha tilsett avføringsmiddelet, og vart dermed utvist frå skulen.

– Etter det eg forstår var det meint som ein spøk, men dei feilrekna, seier utviklingsdirektør Arne Osland ved UWC i Fjaler til Firda.

Kva meiner du om hendinga?

UTVIST: Tre elevar er utvist etter at dei serverte kake med avføringsmiddel til medelevar.
oddleiv apneseth