Sunde er det einaste styremedlemmet i Helse Vest frå Sogn og Fjordane.

— Gunnvor A. Sunde kunne ikkje ta fri når vi fekk kongeleg besøk. Ho er jo kjøkkensjefen!

Rådmann Martin Lyngstad i Gloppen kommune er klokkeklar: Servering av dei kongelege må gå framfor lagnaden til ortopediklinikken i Lærdal.

- Ville utsetje kutt i Lærdal

Til dagleg er Helse Vest-styremedlem Gunnvor A. Sunde sjef på kjøkkenet ved Gloppen sjukeheim. I samband med kronprinsparet sitt tredagars besøk i Sogn og Fjordane, fall den kongelege visitten i Gloppen kommune på akkurat same dag som gårsdagens styremøte i Helse Vest i Stavanger.

— Da eg såg at det ville bli kollisjon, prøvde eg først å få utsett styremøtet, deretter å framskunde det. Men ingenting gjekk, seier Gunnvor A. Sunde.

— Korleis ville du ha røysta dersom du hadde vore på styremøtet i Stavanger?

— Då det vart klart at eg ikkje kunne møte, sende eg eit brev til alle styremedlemmer. Der bad eg styret om å utsetje balansekravet overfor Lærdal.

Ho fortel at ordføraren bad henne om å ta ansvar for serveringa ved kronprinsvisitten.

— Eg vil ikkje kalle det for eit pålegg. Eg vart spurd, og eg sa ja, seier Ap-representanten i Helse Vest-styret.

Vedtok kutt i Lærdal

Men rådmann Martn Lyngstad i Gloppen meiner at det ikkje var aktuelt for Sunde å ta fri for å delta på styremøtet.

— For ho har vel rett til fri frå jobb i slike tilfelle?

— Jo, men ikkje når vi har besøk av kronprinsparet. Då gjeld ikkje desse reglane, seier Lyngstad like etter at den kongelege lunchen er overstått i Gloppen.

— Veit du korleis det gjekk for klinikken i Lærdal?

— Har ikkje peiling, seier rådmannen.

Men kort tid før dei kongelege sette seg til bords i Gloppen hadde styret i Helse Vest med seks mot to røyster vedteke å stadfeste nedbygginga av ortopediklinikken i Lærdal - i tråd med tidlegare vedtak i Helse Førde.

Forutan Gunnvor A. Sunde var det to andre representantar som melde forfall. Ingen av dei vart erstatta av varafolk.

Mindretalet på to - (Magnar Lussand, Sp Hordaland, og Kari Oftedal Lima (SV, Rogaland) - røysta for å sende saka tilbake til Helse Førde og avvente til handsaminga av nasjonal helseplan og statsbudsjettet for 2007.

«Forundra»

Bente Øien Hauge i Aksjonen forsvar Lærdal sjukehus har gått hardt ut mot sakshandsaminga i forkant av gårsdagens vedtak i Helse Vest.

— Eg er både forundra og litt beklemt over prioriteringane til Gunnvor A. Sunde, seier Øien Hauge.

— Det er vanskeleg å forstå at ho er meir uunnværleg i serveringa i Gloppen enn ho er i styret for Helse Vest når ei slik sak står på møtekartet.

PRIORITERTE DEI KONGELEGE: Gunnvor A. Sunde valde å servere kronprinsfølgjet i heimkommunen sin framfor styremøte i Stavanger.
Sara Johannessen