— Han ville ikkje hatt sjanse til å overleva, sjølv om han hadde fått legehjelp kort tid etter, var Gades institutt og Haukeland universitetssjukehus sin klare konklusjon etter obduksjonen av 60-åringen som blei drept på Halsnøy i Sunnhordland 18.oktober i fjor. Det fortalte Inge Morild, professor i rettsmedisin i si sakkyndigeforklaring for Sunnhordland tingrett i dag.

Rundt 25 slag talte rettsmedisinaren opp på kroppen til Hvidevold, fire-fem av dei drepande mot skallen, og høgst sannsynleg utførte med balltreet som 27-åringen frå Austevoll og den 20 år gamle kameraten hadde med seg då dei oppsøkte Hvidevold i bustaden hans på Sæbøvik.

Dynka med blod

Trass den omfattande valdsbruken som dynka hallen i Hvidevold sitt hus med blod, kan 60-åringen ha lege fleire timar med smertefulle kutt- og brotskader før han døydde. Fordi han var bunden med ein fem centimeter brei teip, greidde han aldri å koma laus for eventuelt å varsla om overfallet. Hvidevold har etter alt å dømma greidd å vri seg laus frå teipen som festa hendene til ein trappestolpe, men ikkje frå teipen rundt føtene.

Sjølv etter at offeret låg på golvet, må den drapstiltalte 27-åringen ha utført ei rekkje harde slag med den 76 cm lange og vel halvkilo tunge baseballkølla i aluminium som kameratane frå Austevoll hadde med seg for å «truga sanninga ut av» Hvidevold. Det konkluderer rettsmedisinar Morild og kriminalteknikarane Oddvar Moldestad og Arthur Tvedt frå Hordaland politidistrikt som alle tre forklarte seg i Halsnøy-drapssaka i Sunnhordland tingrett i dag.

Drapstiltalte gøymte seg

«Sanninga» var for 27-åringen ei tilståing frå Asbjørn Hvidevold om at han hadde noko å gjera med Bente Bjørgen si drukning på Austevoll i 2003. Bjørgen var sambuar med 27-åringen sin medtiltalte far inntil ho blei kjærast med Hvidevold i 2002.

27-åringen sat i retten i dag med hovudet i hendene bøygd under bordet då kriminalteknikarane viste bilete frå åstaden på Halsnøy like etter drapet. Då professor Morild gjekk i detalj om skadene Hvidevold var påført, fekk 27-åringen og den medverknadstiltalte 20-åringen rettens medhald i ønsket om ikkje å vera til stades i rettslokalet. Berre den tiltalte faren til 27-åringen sat att på tiltalebenken saman med dei tre forsvararane då Morild gjekk gjennom skadeomfanget på drapsofferet.