— Dette ser vi svart på, seier rektor Johs. Thaule ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Utdannings- og forskningsdepartementet sende i går ut ei melding der dei skisserte ulike modellar for karakterkrav for opptak til lærarutdanninga.

Stortingsmeldinga «Kultur for læring» vart vedteken med eit moment om at tanken om karakterkrav for opptak til lærarutdanninga skal førast vidare. Regjeringa fekk med seg Frp på dette.

Krav om 40 skulepoeng

Departementet presenterte i går tre moglege hovudmodellar for karakterkrav.

  • Krav om minimum 40, eventuelt 35 skulepoeng for opptak. Det vil seie eit snitt på 4,0 eller 3,5 frå vidaregåande.
  • Krav om karakteren 4, eventuelt 3 i norsk og matematikk frå vidaregåande.
  • Krav om karakteren 3 i norsk og matematikk, og minimum 40, eventuelt 35 skulepoeng.

Tal frå samordna opptak viser at 56,4 prosent av dei 600 lærarstudentane i Sogndal ikkje ville kome inn med ei poenggrense på 40. 55,5 prosent av lærarstudentane på Stord ville lidd same lagnad.

For Høgskolen i Bergen vil tiltaket bli langt mindre dramatisk. 12,4 prosent av lærarstudentane ville ikkje kome inn med poenggrense på 40.

- Sentralisering

— Vi ser ikkje svart på at det skal stillast krav for å kome inn. Men viss dette fører til at det meste av lærarutdanninga blir sentralisert til Oslo, Bergen og Trondheim, ser vi svart på det. Dette vil først og fremst gå utover bygde- og distriktsutdanningane, meiner Johs. Thaule.

Saka skal ut på høyring, og rektoren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane annonserer at han kjem til å seie klart frå om dette til statsråd Kristin Clemet.

— Dersom dette skal fungere, må ein regulere studieplassar til distrikta. Elles vil marknadsmekanismane føre til sentralisering, trur Thaule.

Dei siste åra har det vore vanskeleg å få lærarjobb. Men store delar av den norske lærarstaben nærmar seg pensjonsalder. I løpet av ti år vil behovet for nyutdanna lærarar bli stort.

— Det skulle tilseie at ein ikkje går særleg ned på kapasiteten. Resultatet av karakterkrav kan bli at ein får lærarmangel i landet, påpeikar høgskulerektor Johs. Thaule.