• TEST: Den nye vassturbinen er testa ut i eit polsk damanlegg.

    FOTO: PRIVAT

Ser stor kraft i små fossefall

To gründerar i Sunnhordland meiner å ha funne opp turbinen som kan revolusjonera vasskraftutbygginga.

Etter 14 års utviklingsarbeid har senioringeniørane Tørris Skaaluren (68) frå Rosendal og Stein Stendahl (69) frå Stord fått norsk og europeisk patent på ein ny type turbingenerator som produserer straum i gigawattmengder i få meters fallhøgder.

Testar av ein prototype i Polen viser ein årsproduksjon på 1 GWh (gigawattime) frå eit vassfall på berre 2,75 meter, fortel Skaaluren og Stendahl i ei pressemelding.

- Den nye teknologien opnar nye bruksområde og nye marknaden både nasjonalt og internasjonalt på vasskraftprosjekt og uutnytta vasskjelder der det tidlegare ikkje har vore tilgjengeleg teknologi, seier Tørris Skaaluren.

Prototype i Polen

Det første gjennombrotet for dei to gründerane kom i 2002 med støttemidlar og vellukka forsøk på Høgskolen i Bergen.

I mangel på interesse frå norsk vasskraftindustri, vende Stendahl og Skaalurens firma Elinova seg til ein polsk generatorprodusent og fekk installert ein prototyope i eit damanlegg hos ein kunde i Polen. Det er der den 170 cm lange turbingeneratoren på 2 x 75 kilowatt er testa det siste tre kvart året.

- Systemet er så enkelt at ein kan spørja om kvifor det ikkje er funne opp for lenge sidan av store aktørar i bransjen, og ikkje pønska ut av to pensjonistar, uttalar dei to kompanjongane, som fortel om ein teknologi basert på fastvengeturbin der turbin og generator er bygt saman i ei kompakt eining - ein konstruksjon som ifølgje oppfinnarane er enklare, lettare å produsera og billegare å vedlikehalda enn kjente kraftturbinar.

Nytt selskap

Tørris Skaaluren og Sverre Stendahl har undervegs fått skote inn kapital frå investeringsfondet SåkornInvest i Stavanger. Det har ført til etablering av selskapet Turbinova AS, som skal stå for teknologiutvikling, marknadsføring og sal av produktet. Stendahl og Skaaluren ser Europa som ein potensiell marknad for lågtrykksbaserte turbingeneratorar. Her til lands har Agder Energi vist interesse for systemet.

Med kommersialiseringsfasen for døra, er Sverre Stendahl og Tørris Skaaluren avhengige av nye investorar, og opplyser at dei har avtalt møte med to kandidatar.

 

Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

- Dette er så unødvendig

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha ramponert flere biler i Fabrikkgaten.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Relaterte bilder

INNTAK: Mads Grahl-Madsen ved inntaket til ein av testturbinane. Sivilingeniør Grahl-Madsen frå Bergen er ekspert på stømningsteknikk og har assistert turbinoppfinnarane. FOTO: PRIVAT

OPPFINNING: Prototypen på Tørris Skaaluren og Stein Stendahls turbingenerator montert på eit testanlegg i Polen. FOTO: PRIVAT

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger