Eit gigantisk steinuttak og jorddeponi på til saman 60.000 kvadratmeter er nærmaste nabo til ekteparet på Stuva på Stord. Støv, skit og støyplagar har vore daglegdags. Opne vindauge, kaffi på terrassen og klestørk utandørs har dei berre kunne gløyma.

— Me har alltid fått høyra at sidan arbeidet starta før me flytta dit, måtte me berre akseptera det, seier Idun Elvatun Lunde. Det har ekteparet aldri godteke.

Etter lang korrespondanse med Stord kommune, klaga dei til slutt til fylkesmannen. Denne veka oppheva han Stord kommune sitt vedtak som gav W. Engelsen Ettf. AS løyve til fem nye år med arbeid på Stuva. Sakshandsamingsfeil og brot på arealdelen i kommuneplanen var årsaka.

Måtte be om nabovarsel

— Det er bra me har ein perifer instans som har juridisk kompetanse og erfaring som skal til for å rydda opp i slike saker, seier Huse.

— Me føler kommunen har gjort alt dei kunne for å dekka over at her er blitt gjort feil. Dei har prøvd å trøtta oss ut med uthaling av saka. Det krev mykje tid og krefter å arbeida mot eit slikt system, seier Lunde.

Det heile toppa seg, då entreprenøren i fjor tok eit tredje område i bruk rett framfor huset på Stuva utan å varsla naboar. Lunde og Huse kontakta kommunen. To dagar etterpå kom nabovarselet på kommunalt brevark.

Paret spør seg no om det er blitt for tette band mellom Stord kommune og sunnhordlandsentreprenøren.

Vinn-vinn situasjon

Det avviser kommunalsjef Reidun Myklebust i Stord kommune. Ho meiner fylkesmannen og Stord kommune har hatt ulike tolkingar av plan- og bygningslova. Sidan 1988 har det nemleg vore ein avtale mellom W. Engelsen Ettf. AS og ein gardbrukar på Stuva om å ta ut stein og deponera overskotsmassar til nytt jordbruksland. Ein vinn-vinn situasjon for begge partar - men ikkje for naboane.

Det første området på 27.500 kvadratmeter er delvis nedsprengt, fylt ut og fulldyrka i dag. I det andre området på 8000 kvadratmeter blir det i følgje naboane i dag deponert stein frå tomta til den kommunale sjukeheimen som skal byggjast på Leirvik.

Etter påminning frå kommunen søkte entreprenøren om løyve for det siste og tredje området på 23.000 kvadratmeter. Fylkesmannen meiner derimot heile området må sjåast under eitt. I tillegg meiner fylkesmannen at jorddeponi og steinuttak gjennom snart 20 år ber meir preg av anleggs- og industriverksemd enn eit jordbruksområde, slik det skal vera i følgje kommuneplanen.

Kommunen tek sjølvkritikk

— Eg beklagar at denne saka ikkje har vore meir ryddig. På kommunen sine vegner tek me sjølvkritikk for at det har gått lang tid og at dette har blitt ei større belastning for naboane enn me var klar over seier, kommunalsjef Myklebust.

— Dersom kommunen visste at tiltaka var søknadspliktige etter plan- og bygningslova, kvifor følgde de ikkje saka betre opp?

— Sannsynlegvis har saka, i ein travel kvardag, ikkje blitt etterlyst. Då arbeida starta opp var dei ikkje søknadspliktige. Så blei plan- og bygningslova endra. Engelsen har teke det for gitt at dei kunne halda fram. Det burde me ha følgt betre opp, seier Myklebust.

— Kvifor var det kommunen og ikkje entreprenøren som sendte ut nabovarsel om aktivitet på det tredje området?

— Det er utbyggjar sin plikt å senda ut nabovarsel. Då dei ikkje gjorde det, gjorde me det.

— Eg skal vera den første til å leggja meg flat dersom me har gjort noko gale, men eg må få tid til å setja meg inn i saka først, seier Magnus Skåden, dagleg leiar i W. Engelsen Ettf. AS. Han avviser at det er noko slags kameraderi mellom Stord kommune og entreprenørselskapet.

— Nei, eg føler ofte det er motsett. Det einaste eg veit et at me hadde ei felles forståing med Stord kommune om at løyve var i orden.