Radaren til 12 millionar kroner som Meteorologisk institutt offisielt tok i bruk i går, dekkjer Vestlandet sør for Stad og dei nære havområda. Klikkar du deg inn på met.no, kan du følgja dei minste nedbørsområda som dukkar opp 24 mil unna radaren som er strategisk plassert på fjellet Kloven på Goddo, ved det sørlege innløpet til Selbjørnsfjorden.

— Radaren liknar eit fallossymbol, som eit symbol for at han er fruktbar når det gjeld regn. Denne radaren kjem til å gje melding om meir regn enn nokon annan av vêrradarane, sa Sverre Spildo i strålande solskin då han erklærte Goddo-radaren for offisielt opna i går.

Spildo er styreleiar for Meteorologisk institutt, og til dagleg assisterande universitetsdirektør i Bergen.

Radaren på Bømlo er den fjerde vêrradaren i Noreg. Til hausten blir det opna nok ein på Røst i Nordland. For å kunna gje tilfredsstillande dekning over heile landet, er det behov for ytterlegare seks slike radarar.

Vêrradarane er ikkje berre til hjelp for vêrvarslarane. Brøytebilmannskap og flyoperatørar er blant dei som óg vil dra nytte av å orientera seg i radarbildet. Difor samarbeider Statens vegvesen og Avinor med meteorologitenesta om radarutbygginga.

Ein vêrradar viser først og fremst kvar nedbørsområda er til ei kvar tid, og kor intense dei er. Radaren registrerer også retninga og farten til nedbørsområda.

Noreg samarbeider med Finland og Sverige om vêrradartenesta. Såleis kan kvar og ein med internettilgong følgja med i nedbørsbildet i heile Skandinavia.

REGNVARSEL: Den nye vêrradaren på Goddo på Bømlo gir heile Vestlandet tidleg og presis informasjon om nedbøren over oss og på veg mot oss. Styreleiar Sverre Spildo i Meteorologisk institutt opna radaren offisielt i går, i solskin.