— Vi er redd det vil oppstå farlege situasjonar og ulukker på den elendige vegen over Halsnøy til Ranavik, seier Jan-Ove Halsøy, leiar i Hordaland-avdelinga av Norges Lastebileier-Forbund.

Ein oppheita omkamp om ferjestøalternativet for Kvinnherad-trafikken mot Stord pågår eitt år før Halsnøytunnelen opnar for trafikk. Stortingsvedtaket som gav bompengeprosjektet gjennomslag sette som vilkår eit nedkorta ferjesamband med Ranavik på Halsnøy som knutepunkt og nedlegging av Sunde ferjestø. Førskomande torsdag må Kvinnherad kommunestyre ta stilling til «Innbyggjarinitiativet Sunde som ferjekai» som over 3000 kvinnheringar har signert.

- Politisk arroganse

— Det vitnar om politisk arroganse når det ikkje er løyvd pengar til opprusting av vegen over Halsnøy. Det handlar om ein smal og dårleg veg gjennom tett busetnad, han har få møteplassar og her ferdast mange skuleungar, seier Jan Ove Halsøy og nestleiar Torgils Rogne i lastebileigarforbundets Hordaland-avdeling. Fredag fekk dei køyra både Halsnøytunnelen og vegen til Ranavik.

— Tunnelen blir óg ei utfordring for tunge køyretøy. Med åtte prosent stigning i ein tunnel med berre ein køyrebane i kvar retning vil det bli mykje irritasjon når vogntoga berre kan køyra 50-60 km i timen nedoverbakke og 25-30 km i timen oppover, seier Torgils Rogne.

- Treng 140 mill

— Det blir ein stor trafikk av tunge køyretøy over Halsnøy, rundt ti tusen i året, når Halsnøysambandet er klart, påpeikar Robert Jacobsen i Innbyggjarinitiativet. Når trafikken blir sett på, vil opprustinga av vegen til Ranavik ikkje vera starta. Behovet er 140 millionar kroner, Kvinnherad kommune greier kanskje å skrapa saman 40 millionar, meiner Håkon Røstbø i aksjonen som arbeider for Sunde-alternativet. Dei fryktar at ei påkravd opprusting med gang- og sykkelsti vil ta minst 10-15 år, ønskjer heller ei ferjerute mellom Sunde og Jektevik på Stord enn mellom Ranavik og Skjersholmane.

ove olderkjær