Politikarane i Hordaland fylkesutval gav i dag si fulle tilslutning til hovudtrekka i kommunedelplanen. Vedtaket var samrøystes. Tidlegare har Kultur— og ressursutvalet sagt det same.

Fylkesmannen vil derimot ha ut 1000 av hyttene, og varslar motsegn.

Folkevalde og byråkratar ser med andre ord ulikt på ein så omfangsrik og ambisiøs utbyggingsplan oppunder Vikafjellet og Stølsheimen.

– Kommunedelplanen stør opp om Hordaland sine ambisjonar om å vera best i Norden på natur- og kulturbaserte opplevingar, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen, og får full støtte blant politikarane.

Planen omfattar også fem nye skiheisar og mange løyper, kapasitet til 14.000 personar dagleg.

Les også: Satsar tungt i Myrkdalen

Mange merknader

Også i den fylkeskommunale tilrådinga er det ei rekke merknader.

– Desse ser vi på som gode råd i det vidare arbeidet, seier dagleg leiar Nils Akselberg i Voss Fjellandsby. Dei har fått utarbeidd planframlegget for Voss kommune.

– Men Fylkesmannen har lagt ned veto?

– Her har vi ei motsegn, men det er opna for vidare dialog. Det er ein invitasjon vi vil takka ja til. Eg trur det kan finnast fornuftige løysingar.

Reinsdyr

– Kva er problemet?

– Først og fremst omsynet til reinsdyra. Dei skal ha ein trekkveg gjennom Sendedalen, på «baksida» av fjellsida som vi vil byggja ut i Myrkdalen.

– Det same som gjorde avstiginga på Kari Traa-trekket krøkkete?

– Problemstillinga er lik, men eg synest vi fekk til ei fin avstiging på skitrekket trass i naturinngrepa som mange meiner var uturvande. Eg må likevel medgi at det har gitt oss ekstra prepareringsarbeid, og dermed auka driftskostnader.

– Kvifor ikkje akseptera 2400 fritidsbustader no, og lansera ein ny plan for resten når, og dersom, det trengst?

Heilskapleg

– Det kan høyrast greitt ut, sidan dette er ein langsiktig plan, og det er området lengst unna dagens hyttefelt som er omstridd, Mørkve og Skjervheim. Men husk at det er Fylkesmannen som har bede om ein heilskapleg plan, ikkje eit opplegg med planlegging bit for bit.

– Står gardsbruka ved enden av Myrkdalsvatnet dermed i fare for å måtte stilla med bakgrunnsareal medan naboane oppover i dalen får dela inntektene?

– Det er nok slik situasjonen står i dag, men skulle dette området bli teke ut av planen, vil eg tru at grunneigarane snakkar saman og finn ei løysing på god myrkdalsvis. Men eg har mest tru på at det blir ei løysing der også Skjervheim og Mørkve sine areal er med og gjer planen heilskapleg.

Visjonar

– Planen for det som til no er bygt, var altså ikkje heilskapleg?

– Even Hegbom hadde kanskje større visjonar, men planen var så omfattande og heilskapleg som både Myrkdalen og omverda var mogen for den gongen. Den store interessa overraska nok dei alle fleste, seier Nils Akselberg.

Kva meiner du om planane?