— At eg skulle kunne bruke denne teknikken, var ein føresetnad for at eg tok jobben i Lærdal, seier Jellestad.

Helse Vest har bedt Helsetilsynet i Sogn og Fjordane granske ortopedibehandlinga i Lærdal. Dei meiner det har skjedd utprøvande behandling, noko som i så fall inneber helt spesielle reglar. I gårsdagens Bergens Tidende sa fagdirektør Odd Søreide at dette skjer no, fordi Helse Vest ikkje har kjent til teknikken som er brukt.

— Eg kan ikkje heilt forstå det, seier Lærdalslegen.

Jellestad fortel at han 10. august sende ei omfattande utgreiing om metoden han brukar til Helse Vest. Det skjedde i samband med at ortopedisaka skulle opp i styret.

— Dersom dei meinte dette var så ille, burde dei slått alarm då, seier legen.

Støtta økonomisk

Helse Vest har i to år gitt økonomisk støtte til drifta av klinikken som blei bygt opp for å få ned dei lange ventelistene på ortopediske operasjonar på Vestlandet. Helse Førde har drive marknadsføring for å hente pasientar frå vestlandsfylka og andre område i landet.

— I forhold til min arbeidsgjevar, Helse Førde, må det i alle fall ha vore heilt klart kva metodar eg har brukt. Eg har vanskeleg for å skjøne korleis det skal gå an å drive meir ope enn vi har gjort. Det har vore skrive ei rekkje avisartiklar om klinikken, og eg har førelese om metoden på seminar, seier Jellestad.

— Korleis ser du på den kommande granskinga frå fylkeslegen?

— Som utøvande kirurg er eg heilt innforstått med at Helsetilsynet vurderer metoden eg brukar.

Den spesielle teknikken går ut på at det blir brukt ein avansert pc under operasjonane i Lærdal. Pc-en viser protesane skal plasserast.

— For meg er det viktig å få fram at det også er råd å oppnå gode resultat utan dette utstyret. Men computernavigasjon er eit nyttig hjelpemiddel for å gje nødvendig presisjon og stabilitet når protesen blir sett inn.

Kjend metode

Jellestad kjenner seg trygg på at det ikkje er noko utprøvande med metoden han brukar. Teknikken blei utvikla i Frankrike og Tyskland. Den eksperimentelle perioden var over for ti år sidan, då også utstyret for computernavigasjon kom på marknaden. Sjølve inngrepet er så godt som identisk med det som skjer under andre ortopediske operasjonar. Metoden er kjend og mykje utbreidd over heile verda.

— Det ligg hundrevis av artiklar om emnet på medisinske databasar. I Tyskland brukar meir enn 400 sjukehus denne metoden ved protesekirurgi, seier Jellestad.

Det var også i Tyskland Truls Jellestad lærte seg teknikken då han jobba som lege der. Då han flytta tilbake i 1999, introduserte han metoden først ved sjukehuset i Hammerfest, og seinare då han fekk tilbod om jobb i Lærdal.

— Å byggje opp Ortopediklinkk Lærdal såg eg på som ei stor utfordring. For å lykkast med noko slikt på eit lite sjukehus, må pasientane få eit tilbod som er kvalitativt betre enn på store sjukehus. Difor sette eg som premiss at eg fekk bruke denne moderne teknikken, seier Jellestad.

Dei siste par åra har 10-12 andre sjukehus i landet teke metoden i bruk.

Øystein Torheim