— Dette må vera uoffisiell verdsrekord i dugnadsmonterte vegljos, seier Jarle Pedersen, leiar i Førde bygdelag.

I tettstaden Førde i Sveio - midt i leio - har barn heilt ned i seksårsalderen måtte kryssa den trafikkfarlege kyststamvegen i stummande mørkre på veg til skulen. Søndag gjekk 120 menneske i fakkeltog for å feira at no er vegen opplyst gjennom heile bygda, takka vera ein innsats litt utanom det vanlege.

— Det er berre ein måte å gjera ein slik jobb på, og det er å gjera han sjølv. Elles blir det ikkje gjort, seier lysmeisteren frå Førde, Normann Austvik.

Spleiselag

Energimontøren frå Haugaland Kraft har med lånt utstyr frå arbeidsgjevaren vore ansvarleg for å setja opp 90 vegljos med god hjelp frå bygdefolket. 50 av dei står langs Europaveg E39, resten i sentrum av Førde og på turstigar.

Cirka hundre dugnadstimar har gått med sidan han starta opp i 2004. Finansieringa har Førde bygdelag stått for. Dei har sørga for eit spleiselag mellom Statens vegvesen, Sveio kommune, Gjensidigefondet og Haugaland Kraft.

  • Eg reknar med at dugnadsinnsatsen vår har spart det offentlege for mellom 500.000 og 600.000 kroner, seier Jarle Pedersen.

- Heilt fantastisk

  • Men kvifor tek sveibuen på seg statlege oppgåver som å montera vegljos langs ein trafikkfarleg kyststamveg?
  • Det er lang kø, knalltøff prioritering og lite pengar i systemet. Me hadde truleg måtte venta i mange år på ljos, svarer Pedersen.
  • Heilt fantastisk!

Det er Olav Finne, avdelingsdirektør for Statens vegvesen avdeling Hordaland sin første kommentar.

Den nye sjefen for vegane i Hordaland hadde ikkje høyrt om prosjektet då BT tok kontakt i går. Han er imponert over dugnadsinnsatsen.

  • Dette er bra, men det skal ikkje vera regelen at bygdene sjølv skal gjera jobben for Staten, legg Finne til.

Han strekar under at trafikktryggleik langs E39 er eit statleg ansvar, men at midlane er små og prioriteringane vanskelege.

  • Når det ikkje er pengar til alt, tek me dei verste plassane først. Då blir ulukkesstadene først prioriterte, seier Finne.
LYSMEISTEREN: - Eg lurer på om dette fortener ein plass i Guinness rekordbok seier energimontør Normann Austvik. Han har montert 90 vegljos på dugnad langs vegar og turstigar i Førde i Sveio. 50 av dei står langs kyststamvegen E39. FOTO: JARLE PEDERSEN