Nedsett fart til 60 km i timen reduserer risikoen for påkøyrsler betydeleg. Likevel er det nesten ingen som slakkar på gassen i 70— og 80-soner skilta med viltfare.

- Her er det psykologien som spelar inn. Når du køyrer mange titals gonger i viltfaresoner utan å sjå dyr, bryr du deg til sist ikkje om fareskiltet, er forklaringa til sjefingeniør Erland Røsten i Statens vegvesen. Han varslar forsterka innsats mot viltpåkøyrslene.

20 dyr drepen dagleg

Trafikkvekst og auka viltbestand har ført dramatisk mange fleire viltpåkøyrsler på norske vegar. Mellom 2005 og 2010 gjekk det registrerte talet på drepen elg og hjort opp frå rundt 300 til nesten 2200 i året.

Når du køyrer mange titals gonger i viltfaresoner utan å sjå dyr, bryr du deg til sist ikkje om fareskiltet. Erland Røsten i Statens vegvesen

I fjor blei det drepen i snitt 20 hjortevilt kvar einaste dag i trafikken, medrekna mange ihelkøyrde rådyr. Oftast skjer kollisjonane ved soloppgang og solnedgang i månadene januar, oktober og mars.—  Det er forska lite på korleis hjort oppfører seg nær veg. Kunnskap som medverkar til å redusera talet på påkøyrsler kan gi store innsparingar for samfunnet og reduserte lidingar og skader for både dyr og menneske, seier forskar Erling L. Meisingset i Bioforsk. Han samstemmer i at fareskilt åleine har tilnærma null effekt.

På oppdrag frå Vegvesenet laga Bioforsk i fjor ein rapport om hjort og kryssing av veg, og arbeider vidare med ein analyse av same tema i eit internasjonalt samarbeid. Rapporten «Hjortens habitatbruk og åtferd i relasjon til veg» baserer seg på GPS- eller satellittovervaking av utvalde dyr og analyse av påkøyrsledata frå Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Søkjer beite

—  Hjorten har ein hang til å kryssa veg på bestemte stader, gjerne når han søkjer beiteområde på gode innmarksareal. Kombinert med krattrydding vil nedsett fart føra til at bilistar oppdagar dyra tidlegare på slike stader. Vi ser at kollisjonsfaren kan reduserast med 30-50 prosent, seier Erling L. Meisingset.

— Teknologien gir oss høve til ei betre kartlegging av korleis ville dyr oppfører seg i terreng og ved veg, seier Erland Røsten i Vegvesenet. Han siktar til forskingsprosjekt der både hjort og elg er utstyrte med GPS-halsband.

Forskingsprosjektet i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag viser at ein hjort kryssar ein eller annan veg i gjennomsnitt kvar 10. time. Oftast skjer det om vinteren og hausten, og mest på fylkesvegar, kommunevegar og private vegar. Analysen tyder på at hjorten helst prøver å unngå europa- og riksvegane der dei fleste påkøyrslene skjer, men greier ikkje å halda seg vekke i jakta på freistande beiteområde.

Nasjonalt råd mot viltkollisjon

— Eg trur det er viktig at lokal viltforvaltning og vegvesen samarbeider for å finna fram til dei rette tiltaka på dei rette stadene, seier Erling L. Meisingset.

Det er Johan Trygve Solheim einig i. Han er leiar for Norsk Hjortesenter på Svanøy i Flora, og meiner større vegprosjekt til no er planlagt utan tanke for hjorten.

Statens vegvesen har gjennomført eit toårig program med systematisk analyse av utførte tiltak mot viltpåkjørsler. Ein oppsummeringsrapport vil bli ferdig i september, lovar sjefingeniør Erland Røsten. Den går ut til regionvegkontora med nye tilrådingar om målretta, stadstilpassa og kostnadseffektive tiltak. Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) peikte i fjor på at Direktoratet for naturforvaltning har løfta fram temaet viltpåkøyrsler i sin nye hjorteviltstrategi, og førebur eit arbeid med å etablera eit nasjonalt råd mot viltkollisjonar etter mønster frå Sverige.