BT fortalde i går at 30-åringen raskt kom i politiets søkelys då Hedda Karterudseter vart funnen, fordi han sjølv var under etterforsking for valdtektsforsøk på ei 21 år gammal kvinne i Sogndal 13. oktober i år.

30-åringen var saman med vitnet som nå er forsvunne og Hedda Karterudseter på utestaden Meieriet kvelden før ho vart drepen.

Fleire vitne har forklart at det oppstod det dei oppfatta som eit sjalusidrama der dei to mennene var involvert.

Kort tid etter at Hedda var funnen drepen på hybelen torsdag kveld, vart 30-åringen henta inn til avhøyr. Dette skal ha pågått i fleire timar. Ved 05-tida om morgonen kom han heim til husværet sitt. Få timar seinare kom politiet att, og tok med seg mannen og ein del personlege eigedelar.

Politiet ville i går ikkje svare på om dei har hatt mannen i forvaring sidan.

— Mannen er sjekka ut av drapssaka, var alt politiadvokat Knut Broberg ville seie.

— Vi har full kontroll på denne mannen. Det burde de vite, sa utrykkingsleiar Asbjørn Hansen i Kripos i går ettermiddag.

Det pressa burde vite, var at mannen var framstilt for varetektsfengsling i Oslo tingrett. Her vart han fengsla i fire veker, for brot på utlendingslova. I følgje TV2 skal han ha søkt tre gonger om opphaldsløyve i Norge, under ulike identitetar. Somaliaren som no er etterlyst skal ha gitt 30-åringen alibi i den omtalte valdtektssaka.