Avlastninga vart eit nytt besøksenter til rundt 20 millionar kroner — det meste frå andre kjelder enn eigarorganisasjonen - opna med pomp, prakt, biskop og dronning sist sommar. No har altså hovudstyret i Fortidsminneforeningen bestemt at kyrkja og senteret skal administrerast og drivast frå Oslo, etter at dette til no har skjedd gjennom lokallaget.

- Forklar kvifor det er så viktig å få administrere drifta av Borgund stavkyrkje lokalt. - Foreininga seier at dei vil bygge opp kompetanse som skal brukast ved liknande senter andre stader i landet. Men etter mitt skjøn er det ingen føresetnad at dette må skje i Oslo. Den kompetansen kan vel så godt byggjast i Sogn og Fjordane. Vi treng sårt alle slike arbeidsplassar og miljø her i fylket.

- Kor mykje folk og pengar er det snakk om? - Det har eg ikkje detaljane på. Det er eit driftsbudsjett og nokre stillingar. Men det er prinsippet som er viktig.

- Kvifor skal ikkje foreininga sentralt få styre drifta av ei kyrkje dei har eigd sidan 1877? - Hovudregelen er at det er lokallaga som har ansvaret for å forvalte eigedommane, og eg har problem med å forstå kvifor Fortidsminneforeningen ikkje kan la lokallaget halde fram med å drifte Borgund. Fortidsminneforeningen er ein sjølvstendig organisasjon, men dette er var eit unødvendig vedtak.

- Er det ei uvennleg handling? - Den set i alle fall det store arbeidet som er gjort lokalt, i eit merkeleg lys. Særleg når foreininga samtidig rosar det arbeidet lokalforeininga i Sogn og Fjordane har gjort så langt.

- Har prosessen vore for lukka? - Det hadde kanskje vore ein idé for hovudstyret å ha ein dialog med lokalavdelinga si. Og også rådføre seg med ein del andre krefter i Sogn og Fjordane før dei tok ei slik avgjerd.

- Korleis vil du gå vidare med denne saka? - Seinare i dag skal eg drøfte den med leiaren i hovudutval for kultur. Det kan vere aktuelt å gje uttrykk for vårt syn overfor hovudstyret i Fortidsminneforeningen. Vi har ingen direkte maktmiddel å setje inn, men vil nok oppmode dei om å vurdere saka ein gang til. Og kanskje tenke litt nye tankar.

- Kva effekt trur du saka har på det lokale engasjementet og eigarskapen til denne kulturskatten? - Den er utan tvil med på å skape større avstand mellom lokalmiljøet og stavkyrkja. Skal ein lukkast med kulturminnevern må ein ta vare på alle gode krefter, ikkje minst dei lokale. Og skal folk i nærmiljøet kjenne noko ansvar for kyrkja, så må dei kunne føle at den også er litt deira. Eg trur ei slik sak skadar denne kjensla av tilhørigheit og identitet.

- Er det ei trist sak dette? - Eg vil ikkje bruke slike ord. Men det er ei sak vi godt kunne vore forutan. Vi veit at lokalavdelinga har god kompetanse og kunne tatt dette ansvaret. Det blir litt slik at ein tenkjer no igjen, skal alle ting sentralstyrast og at slik treng ikkje verda å vere. Men uansett er det aller viktigaste at Borgund blir tatt vare på, får ei god drift og at denne kulturskatten blir formidla på beste vis.

PER MARIFJÆREN VANTRU: Fortidsminneforeningen vil sentralstyre drifta av Borgund stavkyrkje. Kulturdirektør Ingebjørg Erikstad i Sogn og Fjordane meiner foreininga bør tenke seg om ein gong til.
PER MARIFJÆREN