TERJE ULVEDAL

I ettermiddag la Helse Førde-direktør Jon Bolstad fram sitt forslag til innsparingar i helseføretaket. Alle akutte og planlagte kirurgiske inngrep skal skje i Førde. Ortopedien blir samla i Førde og ved sjukehuset på Nordfjordeid.

Dette betyr at Lærdal misser sin ortopediske klinikk. Som erstatning vil administrasjonen for sjukehusa i Sogn og Fjordane vurdere om det er råd å byggje opp ein avtalebasert ortopediklinikk for heile Helse Vest i Lærdal. Tanken er at helseføretaka i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skal kjøpe plassar ved sjukehuset i Indre Sogn. For å få dette til, må det godkjennast av Helse Vest-leiinga.

Indremedisinske akuttfunksjonar blir også oppretthaldne ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal. Fødestova i Lærdal skal drivast vidare, det same er tilfellet med nærsjukehuset i Florø.

Også ved sentralsjukehuset i Førde blir det omleggingar, mellom anna i form av pleiesamarbeid mellom sjukehusavdelingar, og samanslåing av sengepostar.

Ifølgje gårsdagens tilråding må Helse Førde redusere drifta med 68 millionar kroner i 2005. Med dei omfattande tiltaka som blei lanserte i dag, reknar sjukehusleiinga med å spare mellom 50 og 55 millionar.

Tilrådinga kjem fram for styret i Helse Førde 30. september.