Datautstyret vart tatt opp av dykkarane som leitte etter omkomne, og er frakta av politiet til Kongsvinger. Der skal spesialistar i firmaet Ibas AS prøve å berge dei elektroniske filene som låg lagra i maskinene.

Det er særleg to komponentar som er av stor interesse for dei som etterforskar ulykka:

  • GPS-maskinene på brua. Det satellittbaserte navigasjonssystemet er slik konstruert at det kan ha registrert og lagra den nøyaktige kursen MS «Rocknes» følgde då båten gjekk på grunn i Vatlestraumen. Bergens Tidende får stadfesta frå to uavhengige kjelder at to slike GPS-maskiner er henta opp.
  • Lastekalkulatoren. Her la mannskapet inn opplysingar om kor mykje stein som var tatt om bord og nøyaktig korleis båten var lasta. Også mengdene av ballastvatn, drivstoff, smørjeolje og andre vesentlege vekter skal normalt sett vere registrert. Utstyret hjelper mannskapet til å laste rett og få den turvande stabiliteten. Også kalkulatoren er berga ut av skipet, får BT opplyst. Dersom den lagra informasjonen ikkje er øydelagt av sjøvatnet, håpar etterforskarane å få svar på kva slags stabilitet MS «Rocknes» hadde på ulykkesturen frå Eikefet.

— Godt utgangspunkt

I laboratoriet på Kongsvinger vil datakomponentane først bli tørka og reinsa.

— Fordi utstyret har vore under vatn, er den største utfordringa å rekonstruere alle data, seier data-etterforskingssjef Svein Willassen hos Ibas AS. Arbeidet blir vanskeleggjort av at saltvatnet det har lege i, er sterkt forureina.

Ekspertar frå Ibas AS var med då datamaskinene vart henta opp av dykkarane.

— Dette gjorde at vi fekk sikra utstyret så godt vi kunne frå første stund, blant anna mot rust. Slik sett er utgangspunktet godt, seier Willassen.

Kan ta månader

Ibas AS vart også hyra inn etter «Sleipner»-forliset. Den gongen greidde ekspertane å lese rådata frå kartmaskinen om bord, som viste seg å ikkje ha vore i bruk på ulykkesturen.

Ibas AS veit ikkje kor lang tid analysane etter «Rocknes»-havariet vil ta. Særleg kan arbeidet med å gå igjennom alle filene verte tidkrevjande.

— Filene ligg tett i tett på lagringsplatene, og det kan lett ha oppstått enkelte hol på grunn av skader. Å finne dei interessante filene kan ta tid. Analysebiten kan av og til ta fleire månader, seier Willassen.

Både sjøfartsinspektør John Ramsøy, som leier granskinga av forliset, og avdelingsdirektør Per Magne Indreeide i Sjøfartsdirektoratet er spente på kva datautstyret kan fortelje.

— Vi håpar at lastekalkulatoren kan gje oss ein del svar. Det er ennå mykje vi ikkje veit sikkert når det gjeld lastinga av båten, seier Indreeide, som er sjef for stabilitetsgruppa i Sjøfartsdirektoratet.