Det fins ikkje eit fnugg av truverde i at Senterpartiet lanserer småbedriftspolitikk som ein av partiet sine hjartesaker framfor valkampen i haust. Alle forslaga Senterpartiet har lansert — både betre sosiale rettar for gründarar, lågare gebyr til Brønnøysundregistra og generelle forenklingar, som rett til bunnfrådrag for sjølvstendig næringsdrivande - vart føreslege av Venstre i samband med revidert nasjonalbudsjett, og nedstemt av Senterpartiet.

Det er ikkje truverde å lansere dei same forslaga som ein stemde imot i Stortinget ei veke tidlegare. Det er rett og slett med på å undergrave truverde i politikken.

Enig eller uenig? Si din mening i kommentarfeltet under!

Det er i og for seg bra at Senterpartiet vil alt vel for småbedrifter og gründarar i landet, men når dette ikkje viser att i eit einaste av dei budsjetta den sitjande regjering har lagt fram, viser det også kor langt nede dette er på Senterpartiet og Regjeringa si prioriteringsliste. Revidert nasjonalbudsjett for 2007 føyer seg inn i eit større bilete av ei Regjering som er lite opprekne av næringslivet og som i løpet av si regjeringstid har fremma ei rekkje direkte næringsfientlege forslag - spesielt for dei små verksemdene og dei sjølvstendig næringsdrivande. Men snur Senterpartiet så er det fleirtal i Stortinget for å gjere nokre viktige og konkrete grep.

Ein moderne og framtidsretta næringspolitikk handlar om å leggje tilrette for det nye næringslivet me skal leva av i framtida. Det handlar om forenkling, om fleksibilitet - ikkje minst for gründarar og sjølvstendig næringsdrivande. Og så må me sørge for at det vert like naturleg for kvinner som for menn å frigjere seg frå ein arbeidsgjevar og starta for seg sjølv.

Difor må det lagast gode sosiale ordningar for gründarar og sjølvstendig næringsdrivande. Me er avhengige av at dei vert fleire skal me sikre morgondagens velferd.

Konkret fremja Venstre desse forslaga i samband med revidert budsjett denne våren:

Sjølvstendig næringsdrivande, uavhengig av om tilleggsforsikring er teikna, får rett til:

a) 100% dekking av sjukepengar under svangerskap (inntil 6G)

b) 100% dekking av svangerskapspengar (inntil 6G)

c) 100% dekking av fødsels- og adopsjonspengar (inntil 6G)

d) 100% dekking av omsorgspengar frå 1.dag (inntil 6G)

e) 100% dekking av pleiepengar og opplæringspengar (inntil 6G)

Samtlege endringar skal gjennomførast utan at trygdeavgifta for sjølvstendig næringsdrivande vert auka.

Sølvi Merete Mangerøy, fylkesleiar i Hordaland Venstre

Enig eller uenig? Si din mening i kommentarfeltet under!